Av og .
-Eg er overraska over at slike vedtak går an å gjera i dag, seier Erikstad.
Lite tiltru til lokalsamfunnet
Det er strid om kven som skal styre den meste kjende av alle stavkyrkjer i Norge, nemleg Borgund Stavkyrkje i Lærdal. Fortidsminneforeninga har bestemt at kyrkja og det nye besøkssenteret skal styrast frå Oslo.
Dette vekte sterke kjensler hos blant andre tidlegare kulturdirektør Lidvin Osland i debatt med fortidsminneforeninga i går.
-Dette handlar om å gje lokalsamfunna tiltru til å forvalte. Osland meiner det er nok kompetanse til å styre stavkyrkja lokalt.
Dei siste åra har kyrkja blitt påpassa av sogningane. Når no Fortidsminneforeninga vil ta ifrå sogningane ansvaret for kyrkja og besøkssenteret, reagerer også noverande kulturdirektør, Ingebjørg Erikstad:
Nok kompetanse lokalt
-Eg synest det er eit undeleg vedtak. Dei lokale har vist at dei kan dei gjer sin jobb til punkt og prikke, og eg synest dei har vist at dei kan drive sine eigedommar på ein god måte. Eg skjønner ikkje kvifor ein må sitte i Oslo for å drive eit slikt senter.
Sak for politikarane
Allereie neste veke skal kulturutvalet i fylket ha møte, og Erikstad vil vurdere å ta saka opp med politikarane.