Hopp til innhold

– Forslaget var fullt av faktafeil

Resolusjonsforslaget på Framstegspartiet sitt landsmøtet om å arrangere folkeavstemming om eitt eller to offisielle skriftspråk i Noreg var nedstemt med overveldande fleirtal i ettermiddag.

Frank Willy Djuvik

GLAD: Frank Willy Djuvik er nøgd med at Frp framleis vil behalde nynorsk sidestilt med bokmål. Forslaget var fullt av faktafeil, seier fylkesleiaren i partiet.

Foto: Benedicte Hole / NRK

– Eg er glad for at landsmøtet gjorde det klart at nynorsk og bokmål skal vere sidestilt. Dette var ei kjempebra og fornuftig avgjerd, seier fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik.

Han er delegat på landsmøtet, og seier det aldri var nokon tvil om at partiet skulle gå for å behalde dagens ordning, der nynorsk og bokmål er sidestilt.

– Vi var sikre på at dette aldri skulle få gjennomslag. Forslaget var fullt av faktafeil. Mellom anna skil dei ikkje mellom eit skriftspråk og ei dialekt, seier Djuvik.

– Vi kan aldri fjerne nynorsken

Djuvik seier at Frp aldri kan gå for eit forslag om å fjerne nynorsken. Han meiner det ligg i kjernen av ideologien til partiet.

– Vi er eit liberalistisk parti. Eit fleirtal kan aldri ta frå eit mindretal ein grunnleggjande rett.

Det var Rita Navarsete som fronta dette synet for fylkespartiet i dag.

– Ikkje ta identiteten min

– Rita var glimrande på talarstolen i debatten, seier Djuvik.

Han fortel at ho fekk skryt av både leiar Siv Jensen og Per Sandberg etter talen.

– Ho nytta argument om identitet. Ho bad landsmøtet om å ikkje ta identiteten hennar frå ho. Og skriftspråket er ein heilt klar del av identiteten, seier Djuvik.

Rita Navarsete

ROS FRÅ SJEFANE: Rita Navarsete får ros frå partikollegaer etter å ha argumentert for å behalde nynorsk sidestilt med bokmål på landsmøtet i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK