Fylkesleiar i Frp går hardt ut mot Islam og muslimar i bloggen sin

– Eg hatar Islam og muslimar, skriv fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik i bloggen sin.

Frank Willy Djuvik

HATAR MUSLIMAR: Frank Willy Djuvik skriv at han hatar muslimar og Islam.

Foto: Skjermdump / NRK

Djuvik provoserar stort når han i dag skriv på bloggen sin at han hatar muslimar.

Til NRK seier han at tittelen er eit verkemiddel for å provosere, og få folk til å lure på kva dette er, slik at dei les vidare.

«Ein intens uvilje»

Frank Willy Djuvik

PROVOSERAR: Djuvik hevdar tittelen er eit verkemiddel for å frå fram meiningane hans.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Med hat meiner eg eit fornuftsbasert hat etter definisjonen «ein intens uvilje mot», ikkje verken oppfordring til vold eller andre «negative handlingar», eller for den saks skuld ønske om død, forderving eller fordømming. Eg har berre rett og slett ein intens uvilje mot Islam og muslimar, skriv Djuvik.

Frp-toppen skriv at han hatar Islam fordi det er ein religon.

– Og som religionar flest, så sit det ei høgare makt over menneska, og tek på seg å definere korleis menneske skal leve sine liv på «den rette måten», skriv han.

Politikar og liberalist

– Eg er liberalist, og som liberalist meiner eg at alle menneske har både rett og ansvar til å sjølv definere korleis dei skal leve liva sine, og eg har «ein intens uvilje» mot alt som prøver å hindre det, eller ta val på vegne av andre, skriv Djuvik.

Han meiner at kvart enkelt menneske har ansvar for sine handlingar, og kan ikkje skulde på religion, politikk eller ideologi når dei krenkjer andre sine rettar eller bryt lova.

Vidare skriv Djuvik at han som politikar vil kjempe mot både Islam og Arbeidarpartiet fordi han har ei intens uvilje mot dei, men samstundes vil han, som liberalist, kjempe for at alle skal ha lov til å vere medlem i Arbeidarpartiet eller vere muslim

– Tull å diskutere moskébygging

Djuvik seier til NRK at det ikkje er berre Islam han har ein uvilje mot, men alle andre religiøse retningar som jobbar for at dei veit best korleis folk skal leve sine liv.

Årsaka til at han dreg fram Islam istadenfor kristendom er at blogginnlegget var skrive medan han heldt på med ein debatt om moskébygging, og korvidt det kan føre til ekstremisme.

– Det er tull å seie at moskébygging kan føre til ekstremisme. Islam er ingen trugsmål, det er enkeltutøvarar som gjer dei til eit trugsmål, seier han.

Djuvik hevdar at målet med innlegget var for det første at ein kan ikkje sjå på dei som ei gruppe. Og for det andre er han lei av samfunnsdebatten om korvidt muslimar sine rettigheiter skal bli innskrenka.

– Kvifor skal vi i det heile teke diskutere moskébygging? Om dei forheld seg til bygningslova så skal ikkje vi bry oss kva som står på tomta. Folk har fridom til å byggje kva dei vil så lenge det er innanfor lova. sjølv om ein ikkje likar det så må folk få lov til å gjere det dei vil, seier Djuvik.