Hopp til innhold

Enorm frustrasjon etter skulenedlegging

MÅLØY (NRK): – Eg kjenner meg lurt. Det er eit svik. Eg har aldri blitt lurt slik opp i stry som dette.

Hogne Bleie

FRUSTRASJON: Hogne Bleie, gruppeleiar i Frp, var tydeleg frustrert etter kommunestyremøtet i går kveld. – Det er klart at vi her lokalt, ser at Arbeidarpartiet har kjøpt seg posisjonar som dei vil behalde i tre år til. Og vi kan ikkje gjere noko som helst med det. Det er ganske oppsiktsvekkande, seier han.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det seier Frp-politikar Hogne Bleie, som står att med skjegget i postkassen etter gårsdagens kommunestyremøte i Vågsøy.

Fekk støtta i fleisen

Etter valet i fjor vraka gruppeleiaren samarbeid med dei borgarlege partia. I stadan sytte Frp, saman med Raudt, Senterpartiet og Tverrpolitisk, for at Arbeidarpartiet fekk ordføraren.

I byte skulle skulane fredast og eigedomsskatten ikkje aukast. I går kveld vedtok kommunestyret derimot å leggje ned to skular – og å auke eigedomsskatten.

– Vi meinte arbeidarrørsla, med deira mantra om at «eit ord er eit ord» og «ein avtale er ein avtale», var mest til å stole på. Dette er eit svik, seier Bleie.

Kraftig kritikk

Kristin Maurstad

FEKK KRITIKK: Ordførar Kristin Maurstad måtte tole hard kritikk under møtet. Senterpartiet meinte at tilliten som ein gang var til Arbeidarpartiet, ikkje er noko verdt i dag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det er ikkje å underdrive at dårleg stemning og harde ord prega kommunestyresalen i Måløy. Kristin Maurstad (Ap) måtte tole kraftig kritikk for å gå tilbake på lovnader som sikra henne ordførarklubba.

Ordføraren forsvara vedtaket. Kommunen kom elendig ut av statsbudsjettet og må spare inn 20 millionar kroner.

Sju av desse ved å leggje ned Bryggja og Holvik skule.

– Vi har prøvd gjennom heile budsjettprosessen å unngå å gjerde det, så vi enda opp med eit budsjettframlegg som vi meiner er ansvarleg og realistisk å gjennomføre, seier ho.

– Skal ha respekt

Betty Hessevik

VURDERER: Sp-politikar Betty Hessevik frå Bryggja, seier at det kan bli aktuelt for bygda å be om å få vere med i ein storkommune med Eid og Selje. – Mange stiller seg spørsmålet om det er noko framtid å høyre til Vågsøy kommune, seier ho.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Når til og med Høgre legg frå seg litt av prinsippa på eigedomsskatt og går med på ein liten auke fordi ein ikkje får det til å gå i hop, så seier det litt om handlingsrommet, legg ho til.

– Kven skal Arbeidarpartiet samarbeide med?

– Det ser vi frå sak til sak. Eg skjønar godt at dei er skuffa og vi skal ha respekt for at dei har sine meiningar. Så skal dei også ha respekt for at vi har tatt vårt val.

Trist bodskap

Med blanke auge reiste foreldre frå bygdene heim for å fortelje borna sine at skulen dei no går på, skal leggast ned til hausten 2018.

Kristin Endal, nestleiar i FAU ved Bryggja skule og Vegar Halnes, som er forelder ved Holvik skule, er slitne og fortvila.

Vegard Halnes og Kristin Endal

SKUFFA: – Det blir ikkje noko kjekt, seier Vegard Halnes og Kristin Endal før dei reiser heim for å fortelje at politikarane vil leggje ned skulen borna går på.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det snakkast på skulane. Ungane snakkar om det. Mange er så pass store at dei les, får med seg, dei høyrer og spør. Dei er kjempeleie seg. Dei vil ikkje ut i ein trong skule, seier Endal.

Skal ein skule leggast ned, krev lova ein eigen prosess og eiga sak for kommunestyret. Den saka kjem komande år. Dermed er ikkje siste ord sagt.

For Halnes og Endal er det uaktuelt å gje opp kampen for skulane.

– Vi er klare til kamp. Alle saman, seier Endal.