Hopp til innhold

Politisk manøver frå Frp bergar Jacob Nødseth si politiske karriere

Jacob Nødseth si politiske karriere er ikkje død. No ser det ut til at Frp skal berge den unge Høgre-politikaren.

Frank Willy Djuvik, Hilmar Eliasson og Jacob Nødseth

SIKRA PLASS: Desse tre kan ifølgje Frank Willy Djuvik (lengst til venstre) sikre Jacob Nødseth (til høgre) ein plass i det nye helse- og sosialutvalet. I midten Hilmar Eliasson.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var berre ei sak på agendaen då bystyret i Flora kom saman til møte tysdag kveld, framtida til kommunen sitt helse- og sosialutval. Sterke krefter har ønskt å kvitte seg med utvalsleiaren, Jacob Nødseth. For å gjere det måtte dei løyse opp heile utvalet. Og det skjedde.

Nødseth vart dermed kasta som leiar, og i den nærmaste tida framover blir det formannskapet som skal ta seg av helse- og sosialsakene.

Men etter planen skal ein tromme saman eit nytt helse- og sosialutval til hausten. Ifølgje Frp sin Frank Willy Djuvik vil også det nye utvalet få Nødseth som medlem.

Skulda for trakassering

Stormen rundt den unge Høgre-politikaren ser ikkje til å ville løye. Bakgrunnen for den siste konflikten rundt han kom etter at han kalla inn til eit ekstraordinært utvalsmøte om behandlingstilbodet til ein multihandikappa gut på 18 år.

Medan administrasjonen sa tvert nei, gjekk utvalet inn for å gje guten eit privat omsorgstilbod. Dette vart seinare stadfesta av bystyret.

I samband med denne saka skal fleire kommunalt tilsette ha følt seg dårleg behandla av Nødseth. I sakspapira til bystyremøtet kom det fram at det har vore «svært vanskelege arbeidsforhold» for dei administrativt tilsette i kommunen.

Verneombod og tillitsvald skulda Nødseth for å ha instruert kommunalt tilsette utover sine fullmakter, og for å ha kome med truslar ovanfor kommunalt tilsette, går det fram av sakspapira.

Fleirtalet kasta Nødseth

Fleirtalet i bystyret, med Høgre i spissen, meiner dette er uakseptabelt og synest Nødseth ikkje har synt vilje til å beklage eller endre veremåte.

Gruppeleiar i Flora Høgre, Hanne Husebø Kristensen, var glad fleirtalet med 30 mot fem stemmer gjekk inn for å kaste Nødseth som leiar.

– Eg er glad for at utfallet kom med eit så stort fleirtal. Det gir oss arbeidsrom og arbeidsro framover for å kome i mål med å få eit nytt utval, der administrasjonen og leiinga i utvalet fungerer saman. Det er viktig, sa ho til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik på bystyremøte i Flora

SIKRAR NØDSETH PLASS: Frank Willy Djuvik som sit i bystyret for Frp seier dei vil sikre at Nødseth får vere medlem også i det nye helse- og sosialutvalet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ein sorgas dag

Men mindretalet i bystyret, med Nødseth og hans støttespelarar, meiner saka som har rulla er viktig for demokratiet.

Dei meiner Nødseth berre har vore ein viljesterk og handlekraftig politikar. Ein politikar som har lagt trykk på byråkratane, til felleskapet sitt beste. Ein av dei som meiner dette er Frank Willy Djuvik i Frp.

– Dette er ein sorgas dag. Både for Flora kommune, det politiske styret og for brukarane av tilbodet, sa Djuvik at utvalet vart lagt ned.

Får plass i nytt utval

Men Djuvik og Frp har eit ess i ermet. Når eit nytt utval skal veljast til hausten garanterer han plass til Nødseth.

– No er det slik etter kommunelova at dei forskjellige grupperingane gjennom lov er sikra å få høvesvis representasjon av kor mange dei er i bystyret i forskjellige utval.

– For Flora kommune sin del så handlar det om at ein treng fire stemmer for å få inn ein representant i helse- og sosialutvalet. Med Frp sine to stemmer, Jacob Nødseth og Hilmar Eliasson sine stemmer så sikrar vi attval på Nødseth inn i helse- og sosialutvalet, seier Djuvik.

Eliasson er no uavhengig representant i bystyret etter at han tidlegare i år melde seg ut av Høgre i protest.

– Du føler ikkje at du no er i ferd med å sabotere eit vedtak som fleirtalet i bystyret har gått inn for?

– Nei. Fleirtalet skal aldri få undertrykke eit mindretal. Då vert det kalla fleirtalstyranni, det tek eg sterkt avstand frå.

– Som folkevald skal ein ha høve til å utøve sitt folkevalde verv, og eg opplever at ein no misbruker fleirtalet for å ta frå ein politikar den moglegheita. Då er det mi oppgåve som politikarar å sikre han sjansen til å halde fram, seier Djuvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jacob Nødseth og Hanne Husebø Kristensen

KASTA: Hanne Husebø Kristensen, gruppeleiar i Flora Høgre, legg ikkje skjul på at saka som har rulla har vore ei tøff påkjenning.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kan ikkje love noko

Sjølv set Nødseth stor pris på støtta, men han kan ikkje love at han vil ta seg ei slik oppgåve.

– Eg tek dette som ei stor tillitserklæring frå ein mann som truleg blir stortingsrepresentant til hausten. Eg synest det er hyggeleg.

– Men eg veit ikkje kor vidt eg vil ta på meg fleire verv i denne sektoren. Administrasjonen vil jo ikkje at politikarane skal ha noko å seie, seier Nødseth til NRK.no.

– Til sjuande og sist skal det vere administrasjonen som skal vere avhengig av vår tillit, ikkje omvendt. No har ein lagt til grunn at dei som skal vere politikarar må vere godkjende av rådmannen. Det er ikkje demokrati, seier Nødseth.

Ser framover

Ei som ikkje har sansen for manøveren frå Frp er Høgre sin gruppeleiar, Hanne Husebø Kristensen.

– Eg registrer at Frp har ei anna innstilling enn det fleirtalet i bystyret har vist at dei har.

– Er grunnlaget for vedtaket vekke når Frp vil gjere dette?

– Det meiner eg absolutt ikkje. Bystyret har gitt eit klart signal om kva dei ønskjer, og no skal vi jobbe framover, konstruktivt for å få på plass eit utval som fungerer, seier ho.

– Bystyret har sagt klart frå om at måten helse- og sosialutvalet har vore leiar på ikkje er akseptabel, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

Han vil ikkje kommentere Frp sine garantiar om at Nødseth er sikra plass også i det nye utvalet.