Hopp til innhold

Strømmen Kjerpeset vurderer å avslutte sesongen etter nok ein norsk rekord

– Det hadde absolutt vore greitt å gitt seg no, ja, smiler hekkeløpar Øyvind Strømmen Kjerpeset (21) etter nok ein norsk rekord.

Øyvind Strømmen Kjerpeset tok NM-gull på 400 meter hekk i Tønsberg

KJEMPESESONG: Med tre norske rekordar, Kongepokal, NM-gull og fem krinsrekordar, kan Øyvind Strømmen Kjerpeset avrunde sesongen med godt samvit. Men ein konkurranse i helga freistar ...

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Florø-utøvaren sprang tysdag kveld inn til ny norsk rekord på 200 meter hekk.

Den nye lyder på 23,12 sekund, og erstattar Erlend Sæterstøl (Gular) si tid på 23,28 frå 1995.

– No avgjer eg i dag om eg skal springe på Lillehammer til helga, eller om eg skal setje punktum for sesongen no. Det er liksom den 200 meteren eg føler eg ikkje har fått alt ut på i år, men så er det også greitt å spare litt til neste år også, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.

– Det gjekk veldig fort

Etter ein sesong det verkeleg luktar svidd av, er ikkje 21-åringen veldig overraska over tida i tysdagens konkurranse på Bislett. Ei tid ned mot 23 blank visste han var innan rekkjevidd.

Det på trass at det er mange år sidan sist han la bak seg 200 meter hekk.

– Eg var spent på om eg beherska rytmen mellom hekkane. Det er små hekkar og ein må flytte beina fort. I går gjekk det veldig fort. Faktisk så fort at det berre var så vidt eg klarte å flytte beina på slutten, ler han.

Kjempesesong

Strømmen Kjerpeset har levert ein sesong det verkeleg luktar svidd av. Ikkje berre er det blitt fem krinsrekordar. Rekorden tysdag er hans tredje norske for sesongen. I tillegg har han norsk rekord på 300 meter hekk og favorittøvinga 400 meter hekk.

På favorittøvinga har han flytta rekorden to gonger denne sesongen. I tillegg har han vore sju gonger under Atle McAdam (Tjalve) sin gamle rekord på 50,67.

Om ikkje dette var nok, fekk han Kongepokalen under NM etter gulldrysset i NM .

– Det har gått betre enn vi venta oss. Spesielt på sprintsida. Det lovar ekstremt godt for førre sesong, gliser han.

EM-medalje?

Og neste sesong skal vere ein sesong der han opplever EM-finale i Zürich, og med full klaff kanskje ei gjæv meisterskapsmedalje.

I tillegg håpar han å springe like ofte under sin eigen norske rekord på 400 meter hekk. Med ein god del løp på 48-talet.

– Du går jo inn med kjempemykje sjølvtillit, motivasjon og offensiv. At sesongen har gått så bra, viser at eg har gjort dei rette tinga og kan bygge vidare på dette, seier han.

– Må vere strukturert

– Norsk rekord er ei fin avslutning på sesongen, men samstundes er det veldig vanskeleg å gje seg når eg er i så kjempegod form. Det er den balansegangen mellom å gje seg på topp, og det å ikkje gje seg før ein har fått ut alt ein er god for, held han fram.

– I tillegg til friidretten studerer du medisin. Korleis får du denne toppidrettssatsinga til å gå overeins med studia?

– Det er opp klokka 08 og bruke tida fram til 16 på skule. Så er det trening fram til 1930, før det er heim for å lage middag og slappe av. Så er det på igjen med same rutine. Det gjeld å vere veldig strukturert i arbeidskvardagen.

Økonomisk

Det er stor sprik mellom det friidrettsutøvarar på toppnivå tener i forhold til det ein fotballspelar, til dømes, tener.

– Men sesongen i år gjer det vel ikkje vanskelegare å heite Øyvind Strømmen Kjerpeset når ein skal hente inn sponsorar?

– Nei, forhåpentlegvis så har det gjort det lettare. Eg håpar verksemdene viser interesse, seier han og avsluttar:

– Eg håpar at alle brikkene fell på plass til neste sesong slik at eg kan halde fram satsinga. Det står på sponsorane som klubben allereie har, og eksterne sponsorar, å kunne bu i Oslo, trene, ete og gjere det som må til for å satse på toppidretten.