For seks veker sidan fortalde forsvarsminister Grete Faremo at det skulle
. Men framleis er dokumenta hemmelegstempla.Det er strategiske og operative analysar i samband med sjølve leiteaksjonen etter den framande ubåten forsvaret så langt har nekta å frigi.
Ekspertar må komme til Oslo
Spesielrådgjevar Brigitte Frich i Forsvarsdepartementet seier det har teke lenger tid enn dei har trudd å avgjere om dokumenta kan frigjevast.
– Det tek tid fordi vi må ha ein grundig gjennomgang. Vi må gjennomgå kvar einaste avsnitt i alle dokumenta med forskjellig fagekspertise frå heile forsvaret. Folk må komme reisande til Oslo for å sjå på dokumenta og det tek tid.
– Det blir spekulert i det må vere noko «brennbart» i desse dokumenta sidan det tek så lang tid. Kva er din kommentar til det?
– Det ser eg ikkje logikken i. Det tek like lang tid å lese eit dokument om det er gradert eller ikkje.
Beklager lang tid
Tidlegare vart det sagt at det skulle ta to veker å gå gjennom dokumenta.
– Vi må beklage at vi har gitt ei forhåpning om at dette skulle gå raskare, men det viktigaste er at det blir gjort ein grundig prosess her.