Etter granskingar i fjellsida i dag har geolog Svein Helge Frækaland i vegvesenet avgjort at raset på vegen til Hennebygda ikkje skal fjernast før til våren. Grunnen er at det er for farleg å arbeide i rasområdet før snø og is er borte.
100 kubikk rasa ned
Det var rundt midnatt laurdag at eit steinras stengde fylkesveg 698 mellom Lote og Hennebygda. 100 kubikk frå fjellskjeringa 25-30 meter over vegen losna og raste ned i vegbana.