Hopp til innhold

Framleis fare for ras i Gudvangen

E16 mellom Voss og Gudvangen kjem truleg til å vere stengt til over helga etter steinraset i Nærøydalen ved Gudvangen tysdag.

Omkøyringsvegar rundt Gudvangen

OMKØYRINGSVEGAR: Desse vegane kan du nytte medan E16 er stengt; Omkøyring 1 er Rv. 13. Omkøyring 2 er Rv. 7 og Rv. 50.

Foto: Skjermdump

Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at det framleis er fare for ras på staden. Tysdag ettermiddag rundt klokka 17 gjekk det eit større steinskred frå ca. 800 meters høgde.

Rundt 300 meter av vegbana er råka og det er ein del skader på vegbana.

Allereie tysdag kveld fekk Statens vegvesen geolog til staden for å undersøke området. Geologen meldar det er fare for nye skred og at fjellsida må reinskast før arbeidet med å rydde og reparere vegen kan kome i gang.

Omkøyringsvegar

Omkøyring for dei lokale blir via riksveg 13 over Vikafjellet eller via riksveg 50 forbi Aurlandsvangen. Det er sett opp ekstra ferjer på sambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes for å ta unna den ekstra trafikkmengda. For dei som skal til Bergen er det ogsp eit alternativ å køyre riksveg 5 og europaveg E39 via Sogndal og Førde.

Riksveg 7 over Hardangervidda og europaveg 134 over Haukelifjell er også sett opp som omkøyringsvegar dersom du skal langt frå øst-vest eller motsett.

ras
Foto: NRK

Fryktar nye skred

– Vi har ikkje observert nye skred gjennom natta. No må vi først reinske fjellsida før mannskapet kan ta fatt på arbeidet med å rydde og reparere vegen, seier fungerande avdelingsdirektør Ingar Hals i Statens vegvesen, vegavdeling Sogn og Fjordane.

Ein geolog er på staden igjen i dag, og skal gjennomføre ei ny vurdering av skadane. Det er venta at geologen skal gje ei ny vurdering rundt klokka 14.

Arbeidet med sikring av fjellsida starte i løpet av dagen. Det første ein vil gjere er å nytte helikopter for å spyle fjellsida for eventuelle lause massar og stein. Ikkje før fjellsida er sikra kan arbeidet med å rydde vegbana starte. Arbeidet vil ta tid då steinblokkene er så store at dei må bli splittast før dei kan fjernast.