Hopp til innhold

Framgang for Ap i Årdal

Oppslutnaden om Arbeidarpartiet i Årdal går kraftig fram.

Det syner ei meiningsmåling som analyseinstituttet Sentio Research har utført for nettavisa porten.no.

Målinga syner at partiet har ein oppslutnad på 54,1 prosent. Ved førre kommuneval røysta 44,8 prosent av årdølane på partiet.

– Eg har sett mange meiningsmålingar, og dette er oppsiktsvekkjande høge tal. Spesielt med tanke på dei landsdekkjande målingane. Dei bør vera utruleg glade, seier Arve Østgaard i Sentio Research.

– Eg må innrømme at eg blei litt sveitt no. Eg vart utruleg glad, seier ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Årdal, Hilmar Høl, til avisa.

Hilmar Høl
Foto: Christian Blom / NRK