Hopp til innhold

Fortvilar over avvikling

Regjeringa vil gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Pelsdyrbøndene er svært skuffa, og meiner dei vert ofra. – Siste ord er definitivt ikkje sagt i denne saka. No skal vi leggje ein plan, og har håp om at vi skal klare å komme oss rundt dette, seier styreleiar Bertran Trane Skardsem i Norges Pelsdyralslag.