Terje Skjeldestad var god mot Løv-Ham. Arkivfoto Cornelius Poppe, Scanpix
I ein kamp der Sogndal hadde ballen mykje utan å skape spesielt mange klare målsjansar, hadde heimelaget fleire opne sjansar på kontringar. Terje Skjeldestad måtte eit par gonger ta fram klasseredningar før han til slutt måtte kapitulere. Der var Henning Aga som skåra for Løv-Ham i det 85. minutt.
Fortvila Fylling
Trenar Trond Fylling var fortvila etter kampen, mest fordi laget hans skapte så lite offensivt, men og fordi slurv gav Løv-Ham fleire farlege kontringssjansar.
Utklassa Løv-Ham i treningskamp
Det høyrer med til historia at Sogndal rett før seriestart slo Løv-Ham 4-0 i ein kamp der sogndølene var totalt overlegne.
Meir kronglete veg
Dermed har Sogndal tapt to kampar på rad etter ei opning av sesongen som kunne gje inntrykk av at laget ville få ein lett veg tilbake til eliteserien. No har spelarane og støtteapparatet fått klar beskjed om at det nok blir meir kronglete enn først rekna med.