Børre Steenslid var minst dårleg. Arkivfoto Heiko Junge/Scanpix
Publikum stilte opp, sola varma og graset var grønt. Så kom 11 Sogndal-spelarar på bana og øydela heile idyllen. For maken til dårleg fotball skal ein leite lenge etter. - Vi var ikkje med då krigen starta, seier kaptein Kjetil Ruthford Pedersen. - Vi kom aldri i gang, det var Sandefjord som heldt trykket, seier Børre Steenslid, som ikkje var den beste Sogndal-spelaren, men den minst dårlege.
Sandefjord hadde gjort heimeleksa
Det florerte med horrible tversoverpasningar som stadig gav Sandefjord gratissjansar. I tillegg hadde Sandefjord gjort heimeleksa si grundig, spelarane let aldri Sogndal få rom og tid, dei vann dei fleste duellane.
- 1. divisjons RBK
Sjølv om Sandefjord nok er eit av dei betre 1. divisjonslaga, må Sogndal rekne med fleire kampar av same slaget. - Vi er 1. divisjons Rosenborg, alle mobiliserer maksimalt for å slå oss, sukkar Håvard Flo.
Skuffa heimepublikum
Måla til Sandefjord vart skåra av Geir Ludvig Fevang etter 17 minutt i første omgang, og av Hans Erik Ødegaard etter 21 minutt av andre omgang. Sogndal tapte dei fleste duellane og fekk aldri til spelet sitt, og dei fleste av dei 2019 tilskodarane gjekk skuffa heim.
LøvHam neste
Neste motstandar for Sogndal er LøvHam, som var eit lett bytte i treningskampen før seriestart. Men etter fadesen mot Sandefjord, har Sogndal ingen grunn til å ta lett på nokon motstandar.