Hopp til innhold

Forsterkar tryggleiken ytterlegare ved Nigardsbreen

Berre ei veke etter at nye skilt og sperringar kom opp, ser Naturoppsynet seg nøydde til å forsterke tryggingstiltaka for å halde nysgjerrige turistar i trygg avstand frå Nigardsbreen.

Naturoppsynet fortvilar over turistar som tek seg forbi sperringane ved Nigardsbreen i Sogn.

IKKJE NOK: Skilt som dette vart i år sett opp for å halde turistane unna breen. No blir det sett opp ekstra kjettingar for å gjere sperringane enno tydlegare. (Video: Arne Stubbhaug)

Naturoppsynsmann Are Rognes fortvilar over at turistane ikkje tek åtvaringane på alvor. Han trur flokkmentalitet og manglande kunnskap gjer at enkelte framleis satsar livet livet i jakta etter gode motiv og nærkontakt med breen.

– Mange vil berre ta på isen, men dei skjønar ikkje kva fare dei utsett seg sjølve for. Er det nokon som går forbi er det gjerne fleire som følgjer etter, seier han.

Naturoppsynsmann Are Rognes

FORTVILAR: Naturoppsynsmann Are Rognes må ofte jage vekk ivrige turistar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Tysdag var han på plass for å sette opp ekstra kjettingar til dei allereie forsterka sperringane.

– Vi prøver å gjere det endå meir tydeleg at det her er eit gjerde som vi ikkje vil at folk skal ta seg forbi. Vi håpar det kan hjelpe litt.

I fjor omkom eit tysk ektepar då dei gjekk heilt inn til brefronten og fekk ismassar over seg. I år var håpet var at dei nye internasjonale skilta og sperringane skulle få folk til å skjøne faren.

Men dei nybygde vardane tett inntil breen tyder på at bodskapen ikkje har nådd fram hos alle.

– Ein blir jo litt skuffa, seier Rognes.

Naturoppsynet samarbeider med breførarlaget om å halde dagleg oppsyn med sperringane.