Hopp til innhold

Fosterheimsforeininga fryktar færre vil bli besøksheimar

Norsk Fosterheimsforening fryktar for rekrutteringa etter at eit foreldrepar ikkje får vere besøksheim for to små born. Generalsekretær Tove Wahlstrøm etterlyser ei grunngjeving for oppseiinga av kontrakten.

Barnevern

UHELDIG: Norsk Fosterheimsforening fryktar for rekruttering av fosterforeldre og besøksheimar.

Foto: Mariela Idivuoma/NRK

Det var i førre veke Stein Mortensbakke gjekk ut i media og fortalde om at han og kona ikkje lenger får vere besøksheim for to born på fire og sju år.

– Slik saka er presentert kan det skape frykt hos fosterforeldre og besøksheimar generelt. Ein blir knebla og seier ikkje frå der dei burde sagt frå fordi familien, fosterfamiliane eller besøksheimane, blir redde for å miste barnet som er plassert hos dei. Saka er alvorleg i ein større samanheng, seier Wahlstrøm.

Får ikkje vere besøksheim

Familien Mortensbakke får ikkje lenger vere besøksheim fordi Stein Mortensbakke i eit brev og på Facebook har kritisert barnevernet i den såkalla Naustdalssaka, der eit norskrumensk kristent foreldrepar vart fråteke fem born.

Det er borna som får lide her, noko eg ikkje likar i det heile.

Tove Wahlstrøm

Det norskrumenske foreldreparet er tiltalde for oppdragarvald. Denne saka har enno ikkje vore i retten. Dei fem små borna deira vart flytta i fosterheim. Men etter ei avgjerd i fylkesnemnda for barnevernssaker fekk dei ungane tilbake etter eit halvt år. Stein Mortensbakke har heile tida hevda at det var feil å ta borna ut av heimen.

I den ordrette grunngjevinga for å seie opp familien Mortensbakke heiter det i brevet frå barnevernsleiaren i Naustdal kommune:

"Vi har informasjon om brev som er send til rådmannen i samband med ei barnevernssak i kommunen, og at haldningane dine til barn og barnevernstenesta i Naustdal ikkje er i samsvar med at du er tilsett som oppdragstakar hjå oss".

– Uoppretteleg tragedie

I brevet til rådmannen stiller Mortensbakke ei rekkje spørsmål ved barnevernet si handtering av saka mot den norskrumenske familien. Mortensbakke er kritisk til barnevernet si handtering og lurer mellom anna på om familien har fått den oppfølging og dei hjelpetiltak dei har krav på. Mortenbakke avsluttar og oppsummerer brevet slik:

«Barnevernet i kommunen har her utført unødvendig maktbruk og handlar ikkje til barna og familien sitt beste. Vårt krav er at barnevernet leverer barna tilbake til familien og set i gang dei tiltak som manglar. De må evaluere og undersøkje så mykje de vil. Håper kommunen er profesjonell nok til å sjå denne saka og redde denne familien. Slik saka står no vil det ende med ein uoppretteleg tragedie som fleire må kjenne på».

Brevet vart skrive i slutten av februar, då barna var i fosterheim. I juni avgjorde retten at barna skulle tilbake til foreldra.

– Ubalansert maktforhold

Walstrøm likar ikkje barnevernet si skriftlege grunngjeving.

Tove Wahlstrøm

FORVENTAR SAKLEG FORKLARING: Generalsekretær Tove Wahlstrøm i Norsk Fosterheimsforening etterlyser ei grunngjeving for oppseiing av kontrakten til Stein Mortensbakke.

Foto: PRIVAT

– Det er heilt tydeleg at det er eit ubalansert maktforhold her. Det kan sjå ut som foreldra blir ramma fordi dei har sagt frå om noko dei meiner er kritikkverdig.

– Men har ikkje barnevernet rett til å seie opp avtalen med foreldra som har besøksheim dersom dei ikkje er nøgde?

– Jau, det har dei. Men det er måten dei gjer det på eg reagerer på. Foreldra må få ei sakleg forklaring på kvifor avtalen er sagt opp, seier ho.

Familien Mortensbakke har vore besøksheim for borna i eitt og eit halvt år og har hatt ungane seks døgn i månaden. No må borna over i ein ny besøksheim der dei må bli kjende med nye omsorgspersonar. Wahlstrøm meiner dei to små barna blir dei store taparane her.

– Det er barna som får lide her, noko eg ikkje likar i det heile, seier ho.

Vil sjå på saka på nytt

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, skriv i ein e-post til NRK at han no opnar for å vurdere heile saka på nytt. Dette er e-postkorrespondansen mellom NRK og Bang-Olsen etter kritikken frå Fosterheimsforeininga:

Opnar du no for at Mortensbakke likevel kan vere besøksheim for dei to barna?

– Det er tidleg å seie no, men vi skal vurdere alle innspel så godt vi kan.

Generalsekretæren i fosterheimsforeininga meiner dei to borna som må skifte besøksheim er dei store taparane i denne saka. Kva kommentar har du til det?

– Vi har sjølvsagt eit ansvar for å skape eit godt og trygt tilbod til desse barna. Det er ei oppgåve vi tek på alvor.

Måten de handterer saka på er også uheldig for rekrutteringa når det gjeld nye besøksheimar og nye fosterforeldre, meiner generalsekretæren i fosterheimsforeininga. Kva er din kommentar til dette?

– Rekruttering til dette føremålet er viktig. Det er også vi opptekne av. Vi ser at saka har fått eit uheldig omfang som vi ikkje såg føre oss.

Generalsekretæren i fosterheimsforeininga seier vidare at Naustdal kommune si handtering av saka skaper frykt hos fosterforeldre og besøksforeldre. Dei blir redde for å seie frå om kritikkverdige forhold av frykt for å misse barna. Kva er din kommentar til dette?

– Sakleg og konstruktiv kritikk er alltid viktig å ha høve til gje, men samstundes skal det vere eit tillitsforhold mellom barnevernet og den som har oppdrag for kommunen. Vi har sjølvsagt ansvaret for å følgje opp retningslinene på dette området.

Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal

OPNAR FOR Å VURDERE SAKA PÅ NYTT: Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, vil opne opp for å vurdere saka til Mortensbakke på nytt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ulike grunngjevingar

Barnevernet har ei skriftleg grunngjeving for å sparke familien Mortensbakke, der det blir vist til brevet til deg med kritikk mot barnevernet. Samtidig har du i intervju med media antyda at andre grunnar ligg bak. Kvifor opererer du med to ulike grunngjevingar?

– Eg har i media vist til generelle føresetnader for slike oppdrag og at vi ikkje har hatt eit ønske om omtale alle forhold med bakgrunn i teieplikt.

Med bakgrunn i den skriftlege grunngjevinga, tek du sjølvkritikk for at Mortensbakke vart sparka i denne saka og for måten de har handtert saka?

– Vi tek kritikken til vitande. Vi har sett på den reaksjon som er komen og synest det er rett at det vert gjeve rom for å gå gjennom saka på nytt, seier han.