Hopp til innhold

Kritiserte barnevernet – fekk sparken

Stein Mortensbakke og kona får ikkje lenger vere besøksheim for to små barn. Årsak: Stein Mortensbakke har krisert barnevernet i Naustdal.

Stein Mortensbakke

FORTVILA: Stein Mortensbakke er rasande på barnevernet i Naustdal etter at han ikkje lenger får ha besøksheim for to små barn.

Foto: Bård Siem / NRK

Stein Mortensbakke ristar på hovudet og er tydeleg fortvila då han viser NRK brevet der det går fram at han og kona ikkje lenger får vere besøksheim for to barn som er fire og sju år gamle.

– Dette er rein hemn frå barnevernet i Naustdal. Dei prøvar å målbinde folk slik at vi ikkje skal tore å setje spørsmålsteikn med korleis barnevernet jobbar. No må barna inn i ein ny og ukjend besøksheim, noko som ikkje er til barna sitt beste, seier han.

Krass kritikk

Familien Mortensbakke har vore besøksheim for barna i eitt og eit halvt år og har hatt ungane seks døgn i månaden.

Mortensbakke har mellom anna skrive eit brev til rådmannen i Naustdal der han kjem med krass kritikk mot måten barnevernet har handtert den svært så omstridde barnevernssaka i kommunen, der ein kristen norsk-rumensk familie vart fråtekne fem små barn.

Det er tydeleg at barnevernet ville ha hevn. Det er frykteleg.

Stein Mortensbakke

Foreldra er tiltalte for oppdragarvald, men etter eit halvt år i fosterheim bestemte retten at barna skulle tilbake til foreldra.

Sist veke vart det kjend at foreldra har flytta til Romania for å kome seg vekk frå barnevernet i Naustdal. Mortensbakke, som var kollega med faren og nær ven med den norsk-rumenske familien, har heile tida argumentert for at det var feil å ta borna ut av heimen.

– Ikkje rette haldningane

I brevet frå barnevernet til Mortensbakke står det mellom anna følgjande om kvifor Mortensbakke sin heim ikkje lenger kan vere besøksheim:

«Grunngjevinga er at barnevernet har informasjon om brev som er send til rådmannen i samband med ei barnevernssak i kommunen, og at haldningane dine til barn og barnevernstenesta i Naustdal ikkje er i samsvar med at du er tilsett som oppdragstakar hjå oss».

Mortensbakke meiner ordlyden i brevet heilt tydleg viser kva som har skjedd.

Øyvind Bang Olsen

Rådmann Øyvind Bang-Olsen avviser at barnevernet i Naustdal har vore ute etter å hemne seg mot Stein Mortensbakke.

Foto: Bård Siem / NRK

Avviser hemn

Men rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, avviser på si side at Mortensbakke er utsett for hemn frå barnevernet og Naustdal kommune.

– Det ligg til barnevernet å vurdere kvalifikasjonar, haldningar og kor skikka ein er til å utøve tenester for barnevernet, seier rådmannen.

Så du meiner familien Mortensbakke ikkje er skikka til å vere besøksheim fordi dei har kritisert barnevernet?

– Eg vil ikkje gå nærare inn på kva grunngjeving barnevernet har brukt.

Men grunngjevinga står i brevet. Det står rett ut at dei ikkje lenger kan vere besøksheim fordi Mortensbakke i eit brev til rådmannen i Naustdal har kritisert barnevernet i den såkalla Naustdals-saka. Kva er det i brevet som gjer Mortensbakke ueigna til å ha besøksheim?

– På grunn av teieplikta ønskjer eg ikkje å utdjupe dette no, seier Bang-Olsen som poengterer at han har fagfolk som vurderer dette profesjonelt.

– Vi jobbar for barna sitt beste

Men er det profesjonelt å seie opp avtalen med Mortensbakke fordi han kritiserer barnevernet i Naustdal?

– Vi har gjort ei vurdering av det.

Men er det profesjonelt av dykk?

– Vi har gjort ei vurdering av det.

Blir ikkje Mortensbakke straffa her fordi han har vore kritisk mot barnevernet?

– Naustdal kommune har i mange samanhengar fått kritikk for utøvinga vår i barnevernssaker. Men vi jobbar heile tida for barna sitt beste.

Men er det til barna sitt beste at barna må over i ein ny besøksheim der alt er nytt og ukjent for barna?

– Som sagt så har vi gjort ei vurdering og dette står vi bak.

Vil klage på avgjerda

Mortensbakke er svært opprørt.

– Det at ein skal trugast til å vere taus er frykteleg. Det minner meg om den svenske ministeren som for mange år sidan uttalte at Norge var den siste stalinistiske staten. Eg har aldri trudd at offentlege tenestemenn går ut med ein rein hemnaksjon på denne måten.

– Saka vil bli klaga inn til fylkesmannen, seier Mortensbakke.