Hopp til innhold

– Politikarar forstår ikkje Twitter-konsekvensane

Høgskulelektor Tarjei Alvær Heggernes ved Høgskulen i Bergen seier mange politikarar ikkje forstår konsekvensane av å ytre seg i sosiale medier.

Video Forskar om twitter og politikarar

NETT-TV: Høgskulelektor Tarjei Alvær Heggernes ved Høgskulen i Bergen var gjest i NRK Vestlandsrevyen onsdag kveld.

Onsdag kveld skreiv fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane at valdtektsmenn burde kastrerast.

Frp-leiaren viste til valdtektssaka i Førde der ein 20 år gamal russ er sikta for å ha valdteke i 17 år gamal jente på ein russefest.

– Det er veldig uheldig av partileiaren å lenke til ei bestemt sak. Det er uheldig fordi det kan vere til skade på tredjepart og på nokon som kanskje er uskuldige, seier høgskulelektoren til NRK.

Slike folk skulle vært kastrert. Sjølv om du ikkje klarar få deg dame, så er nei fortsatt eit nei.

Twitter-melding frå Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp

– Twitter er opent for alle

Alvær Heggernes var gjest i NRK Vestlandsrevyen torsdag kveld. Han kommenterte tv-saka om utsegnet til Frp-leiaren i Sogn og Fjordane.

– Han viser engasjement og han snakkar til sine følgjarar på Twitter. Det er greitt å ytre meininga si, men han uttrykker seg veldig folkeleg i måten han har formulert seg på. Det er det sikkert ein del som reagerer på, seier Alvær Heggernes.

Han trur ikkje alle politikarar forstår konsekvensane av å ytre seg i sosiale medier.

– Twitter er opent for alle, og der kan alt bli referert og diskutert, seier høgskulelektoren.

NETT-TV: Frp vil kastrere valdtektsmenn

Video Frp vil kastrere valdtektsmenn

NETT-TV: Framstegspartiet vil få så langt å kastrere menn som blir dømde for valdtekt.

Mange har måtte trekt seg

Varaordføraren i Aure i Møre og Romsdal, Rita Ormbostad (H), kritiserte den norske Melodi Grand Prix-vinnaren, Stella Mwangi, noko som førte til at ho trakk seg frå alle verv. Ho skreiv dette på Facebook:

«Ska kvæss mæ et spyd å handel bongotrommå t dusseldorf! Muli æ ræse te afrika å sjer d derifrå! Her ska det etast gnu!!!! Ska ta me mæ næste års innslag oppatt tænkt æ...»

FpU-nestformann i Sogn og Fjordane, Stian Skjærven, meldte seg også ut av partiet etter mistridde utspel om gasskammer og dødsstraff.

Frp-leiaren i Sogn og Fjordane derimot støtte frå partiet sentralt om utspela om kastrering av valdtektsmenn.