Hopp til innhold

Sterke meiningar om sterkøl

FØRDE (NRK): Helsearbeidarar fryktar eit auka alkoholkonsum etter at Høgre går inn for å la butikkar selja sterkare øl. Men slett ikkje alle deler bekymringa.

Espen Lothe i Kinn bryggeri

PRØVESMAKAR ØL: Espen Lothe i Kinn bryggeri seier at øl er eit alkoholsvakt produkt, og er ikkje bekymra for eit større alkoholkonsum.

Foto: SKJALG EKELAND / Den Norske Ølrevolusjonen

– Eg synest det er ei fornuftig utvikling. Vanlegvis har øl ein alkoholprosent mellom 4,5 og 5,5. Dagens grense ligg midt i dette spekteret, og er sett heilt tilfeldig.

Espen Lothe er bryggerimeister og dagleg leiar i Kinn bryggeri i Florø. Han er positiv til Høgre sitt forslag om å la daglegvarebutikkar selja øl med 5,5 prosent alkohol.

– Vi likar å laga øl med mykje smak. Vi kan nytte meir råvarer og vi får meir konsentrasjon. I dag må vi dessutan leggje oss litt under grensa på 4,7 prosent, for det er ei absolutt øvre grense.

Daglegvaresektoren er den absolutt største marknaden i Noreg. I dag har vi ein avgrensa tilgang til denne marknaden.

Espen Lothe

– Du er ikkje bekymra for eit auka alkoholkonsum?

– Det kan like gjerne føre til ei vending frå sterke til svakare alkoholhaldige drikker. Men vi må passe på at vi ikkje undergrev Vinmonopolet, for bryggeria er nøgde med den strukturen som finst i Noreg.

Ser skadar på nært hald

Einar Solheim er overlege på Førde sentralsjukehus. Han ser ofte pasientar som har skadd seg i alkoholrus.

– Eg ser akutte skadar i ansiktet, med brot i kjeve og nase. Og vi må reparere skadar etter folk som har vore i bilulukker. Men eg ser òg veldig mange andre medisinske tilstandar som er alkoholrelaterte.

Ein streng alkoholpolitikk reduserer talet på personar som vil gå frå eit ufarleg lite forbruk til eit mogleg risikofylt forbruk.

Einar Solheim
Einar Solheim

LEGE OG POLITIKAR: Einar Solheim vil arbeide for at alkoholforbruket i samfunnet skal vera så lågt som mogleg.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim

Solheim er òg politikar for Arbeidarpartiet. Da Førde bystyre i 2012 bestemte om dei skulle opne for øl i butikk, var han ein av dei som ville behalde ølpolet.

– Ein restriktiv alkoholpolitikk er ein solidaritetspolitikk der ein tek omsyn til barn og ungdom og til personar som har eit etablert rusproblem.

Ei mindre justering

Tone Wilhelmsen Trøen

RESTRIKTIVT: Helsepolitisk talsperson Tone Wilhelmsen Trøen seier at Høgre framleis går til val på ein restriktiv alkoholpolitikk.

Foto: Terje Heiestad / Stortinget

Tone Wilhelmsen Trøen er helsepolitisk talsperson for Høgre. Ho meiner at endringa som vart vedteken på Høgre sitt landsmøte er svært moderat.

– Vi ynskjer å hegne om Vinmonopolet, vi seier nei til ølsal i kiosk og vinsal i butikk, og vi vil ikkje utvide salstidene på øl i butikk.

– Men dette kan jo vera det fyrste steget i ein meir liberal alkoholpolitikk?

– Nei, det er det absolutt ikkje. I fjor fremma Venstre eit forslag i Stortinget om å la butikkane selja øl opp til sju prosent, både Stortinget og Høgre sa tydeleg nei til dette.

Personleg stemte eg mot forslaget, men eg ser på dette som ei mindre justering.

Tone Wilhelmsen Trøen

Ingeborg Rossow i Folkehelseinstituttet er samd i at dette er ei moderat endring, og er usikker på om det vil ha noko utslag på folkehelsa.

– Det har vore tilsvarande endringar i Sverige tidlegare, der ein har flytta sterkøl inn og ut av butikkane. Endringa i alkoholprosenten har vore mykje større i desse tilfella, men ein har sett at det har hatt ei betydning for folkehelsa og omfanget av alkoholrelaterte skader.