NRK Meny
Normal

No har forskarane bevist det - køyring på smale og svingete vegar forureinar meir

– Tungtransport på bratte og svingete vestlandsvegar krev meir drivstoff enn køyring på Austlandet. Resultatet frå det nye forskingsprosjektet kan kanskje verke sjølvsagt, men er unikt i internasjonal samanheng.

Lerum-vogntog

KOSTAR MEIR PÅ VESTLANDET: Transport på svingete vestlandsvegar fører til høgare drivstoff-forbruk.

Foto: Morten Listou

– Vi fann ut at infrastrukturen har størst innverknad på forbruket av drivstoff. Anslagsvis 10 -12 gonger større enn sjåføren si åtferd.

Det seier Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking, som på oppdrag frå Lerum Frakt har forska på drivstoff-forbruket i transportnæringa.

Skal lastebilar og vogntog køyre mest mogleg miljøvennleg må dei tilpasse seg vegane dei køyrer på for å ha effekt.

Resultata frå prosjektet er tydelege på at det går meir diesel på svingete og bratte vestlandsvegar, enn i flatt og beint terreng andre stadar i landet.

– Ikkje overraska

Hege Sæthre

KØYRER MEIR MILJØVENLEG: Hege Sæthre, Lerum Frakt.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det har forferdeleg mykje å seie, og det er det jo næringslivet på Vestlandet som taper mest på, seier Hege Sæthre i Lerum Frakt.

– Det blir dyrare med diesel di meir vi brukar, og verre for miljøet vårt, legg ho til.

Då forskingsprosjektet starta opp var ho sjølv ein av sjåførane som sat bak rattet i vogntoga lasta med saft og sylte.

Å jobbe målretta for å få ned drivstoffbruken og dermed også køyre meir miljøvennleg vart til ein intern konkurranse mellom sjåførane.

– Det vart litt konkurranse då vi fekk listene med snittet for kva sjåførane brukte. Då hadde ein lyst til å ligge under det. Så var det jo litt artig med konkurransen og då.

Står for ein tredel av klimautsleppa

Transportsektoren står for om lag ein tredjedel av Noreg sine klimagassutslepp. Gjennom forskingsprosjektet gjorde både Lerum frakt og sjåførane endringar.

– Utsleppa har gått ned. Vi skal jo alle vere miljøbevisste. Vi ser jo det på sjåførane at dei brukar mindre diesel og då går jo utsleppa ned.

Unik forsking

Dei siste ti åra har klimagassutsleppa frå transportnæringa auka med ti prosent. Sjølv om det for sjåførar som Sæthre seier seg sjølv at det å køyre på vestlandsvegar har mykje å bety for kor miljøvenleg ein klarer å køyre, så har tidlegare forsking fortalt lite om det.

Walnum og Morten Simonsen granska mellom anna rutene Lerum har til Austlandet, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Hans Jakob Walnum

UNIK FORSKING: Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det er ingen forskingsprosjekt som har tatt for seg øko-køyring eller kva det har å seie å køyre på svingete vegar og over høge fjell slik vi no har undersøkt for Lerum. Så dette er unik forsking i internasjonal samanheng.

Sjåføren kan gjere mykje

Sjølv om vegen bilane rullar på betyr mest for miljøet, så kan selskap som Lerum og deira sjåførar gjere mykje sjølve, fortel Walnum.

– Sjåføråtferd kan påverkast, og det som gir mest effekt for økokøyring er å la køyretøyet trille utan å bruke gasspedal, dernest kjem tomgangskøyring.

Eit anna moment som Walnum har sett på er kor store lastebilar det er behov for.

– Det vi såg i dette prosjektet var at dieselforbruket gjekk ned med ein halv liter dersom ein brukar ein lastebil som har 500 hestekrefter samanlikna med ein som har 700 hestekrefter.

– Det er noko ein bør ta omsyn til når ein kjøper lastebil, kor stor trekk-kraft har ein eigentleg bruk for.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.