– Det er trist at regjeringa ønskjer å gjere ein motorveg til sitt store samferdsleprosjekt. Det heng ikkje i hop med ein ansvarleg klimapolitikk og kjem til å føre til at utsleppa går opp, og ikkje ned, seier leiar i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad, til dagbladet.no.
I går kom kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete med ein lekkasje frå Nasjonal Transportplan om at regjeringa lovar ferjefritt Vestland om 20 år. Planane om ferjefri E39 mellom Trondheim og Stavanger er kostnadsrekna til 150 milliardar kroner.
- LES OGSÅ:
Vil ha transporten over på skinner
Medan fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, jubla over planane, har Frp-leiar i Sogn og Fjordane Frank Willy Djuvik ytra skepsis til at det vert lagt opp til at bilistane skal ta storparten av prislappen.
Framtiden i våre hender er meir opptekne av konsekvensane av ein endå betre veg langs Vestlands-kysten, som vil bli meir biltrafikk. Hermstad krev at regjeringa tek klimaforliket på alvor, og jobbar meir aktivt for å få flytta transport over frå veg til jarnbane.
– Klimagassutsleppa i transportsektoren har vakse med nær 20 prosent dei siste ti åra. Einaste måten regjeringa kan redusere utsleppa på, er å prioritere jarnbane framfor nye motorvegar, seier Hermstad til Dagbladet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under TV-saka)
Lover ferjefritt vestland
– Burde gått til å ruste opp vegar
Også Naturvernforbundet peikar på at ferjefri E39 vil føre til auka trafikk og auka ureining.
– I tillegg vil utbygginga koste enorme beløp. Dette er pengar som heller burde brukast på å ruste opp dagens vegnett, slik at vi får ein tryggare veg mellom ferjene, meiner leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.
- LES OGSÅ: