Hopp til innhold

Førdejente på raud løpar i New York

Førdejenta Helene Bergsholm måtte skrive autografar då ho kom til Clearview Cinemas i New York natt til søndag norsk tid.

Verdspremiere på Få meg på, for faen

PÅ RAUD LØPAR: Malin Bjørhovde, Helene Bergsholm, regissør Jannicke Systad Jacobsen. produsent Brede Hovland og Henriette Steenstrup kjem til premieren.

Foto: Torhild Ribe / Scanpix

Ho har hovudrolla i filmen «Få meg på, for faen» som hadde verdspremiere i storbyen. Filmen er basert på boka til Olaug Nilsen som også er frå Førde. Den handlar om 15-åringen Alma og hennar seksuelle oppvakning i eit lite lokalsamfunn på Vestlandet.

Filmen blei plukka ut til den prestisjetunge filmfestivalen Tribeca som går av stabelen i New York denne veka. Berre 12 av over 5000 innsende filmar har kome gjennom nålauge. Det er første gong nokonsinne ein norsk film er teken ut til hovudkonkurransen.

18-åringen seier det var uvant å skrive autografar og få så mykje merksemd.

– Det var ganske skummelt og veldig rart, seier Bergsholm som er i verdsbyen for aller første gong.

Sminka saman med Hollywoodstjerner

Det er første gong ho spelar i ein film og det var tilfeldig at ho blei med på audition.

– Alle drøymer vel om å bli skodespelar, men eg hadde ikkje trudde det var mogleg, seier ho til NTB.

Før premieren blei skodespelarane sminka og styla saman med Hollywood-stjerner. Ho var ikkje nervøs føre framsyninga i går, men fortel at ho gruer seg når familie og vener skal sjå filmen som mellom anna inneheld naken- og sexscener.

– Det er litt flaut, men då vi spelte inn filmen måtte eg berre gløyme alle rundt meg, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helene Bergsholm i "Få meg på for faen"

FRÅ INNSPELINGA: Helene Bergsholm har hovudrolla som Alma i filmen.

Foto: Trond Sørås / VG

– Vi har fått god respons

Filmen har fått tittelen «Turn me on, goddammit» i USA og blir vist med norsk tale og engelsk tekst. Regissør Jannicke Systad Jacobsen seier premieren i går gjekk veldig bra.

– Det var ei fin visning og vi fekk god repons. Folk lo på dei rette stadane og det er bra, seier ho til NRK.no.

Salen med plass til omlag 250 personar var heilt full og no ventar nye framsyningar. Systad Jacobsen seier filmen har fått bra kritikk, mellom anna i filmbladet Variety og New York Post.

– Lovely and honest

Meldaren skriv at filmen kan slå an mellom tenåringsjenter og at Alma (Helene Bergsholm) framstår som ei symptisk og hormonell heltinne. Bladet meiner at filmen er herleg og ærleg og at den behandler dei unge karakterane med respekt, noko det virkar som om Hollywood sine tenåringsfilmar er allergiske mot.

Musikken i filmen er også framheva og Variety skriv at mellom anna Kings of Convenience forsterkar den emosjonelle påverknaden.

Også New York Post har sett filmen og likte det dei såg. Dei framhevar Bergsholm som «excellent» og at regissøren bruker alvor og søt humor for å ta brodden av den seksuelle openheita som er i filmen.

Filmen vil konkurrere om både hovedprisen, prisen for beste debutantregissør, beste skuespiller, beste manus, beste foto og publikumsprisen under filmfestivalen.

«Få meg på, for faen» har norsk premiere 19. august i år.