«Få meg på, for faen» har USA-premiere på filmfestival

Laurdag kveld er det premiere på norske spelefilmen «Få meg på, for faen» under den prestisjetunge filmfestivalen Tribeca i New York.

Helene Bergsholm i "Få meg på for faen"

INNSPELING AV FILMEN: Helene Bergsholm i 'Få meg på for faen'. Ho har hovudrolla som Alma. Opptaka blei gjort i Sand i Ryfylke i fjor.

Foto: Trond Sørås / VG

Berre 12 av over 5000 innsende filmar har kome gjennom nålauge.

Det er første gong nokonsinne ein norsk film er teken ut til hovudkonkurransen i den prestisjetunge filmfestivalen. Filmen vil konkurrere om både hovedprisen, prisen for beste debutantregissør, beste skuespiller, beste manus, beste foto og publikumsprisen. I USA har filmen fått tittelen «Turn me on, goddammit».

Stolt forfattar

Det er Olaug Nilssen frå Førde som har skrive boka som no har blitt film. Ho er både stolt og spent.

– Dette tykkjer eg er kjempeflott og fantastisk. Eg skulle gjerne vore der eg også, seier ho.

– Kva forventning har du til plassering når det gjeld filmen?

– Eg har forstått at det er stas berre det å få vere med på hovudkonkurransen. Det vil vere strålande dersom den vann, det ville vere ein ekstra bonus.

Trur filmen er bra

Ho tykkjer det er veldig kjekt, sjølv om ho har hatt lite å gjere med arbeidet med filmen.

– Men då eg høyrde at filmen var teken ut, så tok eg det som eit bevis på at filmen var bra.

Filmen er spelefilmdebuten til regissør Jannicke Systad Jacobsen og ho er i USA saman med skodespelarane. 18 år gamle Helene Bergsholm frå Førde har hovudrolla i filmen.

I løpet av festivalen blir det vist over 250 filmer og har vakse seg til å bli ein viktig filmfestival for internasjonal lansering av filmar.

«Få meg på for faen» har norsk premiere 19. august.

Audition for Få meg på for fan
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Bli med audtition før innspelinga av filmen Få meg på, for faen.