Firmaet Gas Tech i Førde har hatt ei rivande utvikling dei siste åra. I 2003 hadde firmaet ein omsetnad på 1,6 millionar kroner og eit underskot på 230.000 kroner.
I fjor var omsetnaden på over 10 millionar kroner, og årsresultatet var på over 600.000 kroner.
Byggjer om bilar
Gas Tech driv i hovudsak med ombygging av bilar frå bensin til gassdrift, og har åtte tilsette i Oslo og Førde.