Hamretunet
Laurdag kveld klokka 23.30 gjekk Anne Slåtten i seng heime i Hamretunet i Vieåsen. Ho skulle på ekstravakt klokka halv åtte morgonen etter. Dei siste som såg henne var to medstudentar i bukollektivet.
Klokka halv fire om morgonen fekk Slåtten ein telefon frå kjærasten i Rogaland. Det var den aller siste samtalen politiet kjenner til at nokon hadde med henne.
Klokka halv sju om morgonen høyrde ein av medstudentane nokon ta ein dusj i bukollektivet. Truleg var det Anne Slåtten som gjorde seg klar til å gå på jobb ved Helsetunet knappe fire kilometer unna. Og litt seinare høyrde han at nokon gjekk i utgangsdøra.
Alle desse opplysningane hadde politiet tidleg på måndag. Dei i overkant av 30 tipsa dei har fått inn i ettertid har ikkje gjeve noko avgjerande svar på kva som skjedde vidare med Anne Slåtten. Politiet sin jobb no er å løyse eit puslespel, der kvart av desse tipsa skal leggast inn på rett stad.
To meiner dei har sett Anne Slåtten
Her gjekk truleg Slåtten på veg til jobb.
Det er så langt berre to som meiner at dei har sett det som kan ha vore Anne Slåtten på veg til arbeid. Den eine er ei som skulle på arbeid ved Sentralsjukehuset søndag morgon. Ho møtte ei høg lys kvinne ved sjukepleiehøgskulen. Kvinna var gåande på veg mot Førde, og klokka var omlag fem minutt på sju. Både tidspunktet og ruta passar med Anne Slåtten på veg til arbeid.
Ein annan såg ei lys kvinne på veg nedover Angedalsvegen nokre hundre meter lenger nede mot Førde - og klokka var då omlag sju.
Ingen av dei andre tipsa kjem frå personar som har sett Anne Slåtten, seier lensmann Kjell Fonn. Men andre tipsarar har sett personar som har sykla, gått eller køyrt bil på Angedalsvegen denne morgonen.
Ei kvinne som var på veg til sentralsjukehuset møtte ved Smestad, omlag ein kilometer frå Førdehuset, ei kvinne i mørke klede. Også då var klokka omlag sju om morgonen. Litt lenger oppe ved Fossabrua, møtte ho ein syklist i ein mørk hettegensar, som var på veg nedover Angedalsvegen.
Desse to er også observerte av ein bilist, og politiet har så langt ikkje hatt kontakt med nokon av dei.
Etterlyser framleis to bilar
Angedalsvegen
På vegen mellom Førdehuset og Fossabrua er det også observert to bilar på veg oppover mot Angedalen omlag klokka 0700. Dette er ein plommeraud Volvo V70, og ein bil som ikkje er identifisert nærare, men som kom rett bak.
I går ettermiddag melde det seg ein sjåfør av ein Volkswagen Passat som køyrde i området på same tid. Politiet var ei stund i stuss om den kunne ha blitt forveksla med ein Volvo. Men vitnet som såg Volvoen står på at det var det vedkomande såg, og føraren er difor framleis etterlyst som vitne.
Politiet ønskjer kontakt
Det er dermed fire personar politiet no ønskjer å kome i kontakt:
Kvinna i mørke klede som kom ned til Angedalsvegen ved Smestad.
Syklisten med mørk hettegensar som sykla nedover Angedalsvegen.
Sjåføren av Volvoen og sjåføren av bilen som låg like bak.
Høyrde skrik
Dei er også interesserte i å høyre om fleire har høyrt to skrik som var høyrt i området denne morgonen.
Kripos på funnstaden
Det eine vart høyrt av ein som skulle på arbeid ved Sentralsjukehuset. Midt på Fossabrua, to kilometer frå funnstaden, har vitnet fortalt at det høyrde eit forferdeleg skrik eller brøl. Dette skal ha vart i fem til ti sekund, og det var umogeleg å seie om det var frå ei kvinne eller ein mann.
Det andre skriket vart høyrt i området der Anne Slåtten vart funnen død. Naboen bur 50 til 100 meter unna - og skal vere den einaste som har høyrt det. Nøyaktig tidspunkt er ikkje klarlagt.
No går politiet også ut og etterlyser alle som har vore i Førde sentrum mellom klokka 0400 og 0900 natt til søndag.