NRK Meny
Normal

FØRDE: Arbeidarpartiet med brakval - torer ikkje sleppe jubelen laus enno

Arbeidarpartiet gjer eit brakval i fylkets største kommune. Ordførarkandidat Helge Robert Midtbø vågar likevel ikkje å sleppe jubelen laus heilt enno.

Helge Robert Midtbø

BRAKVAL: Arbeidarpartiet gjer eit godt val i Førde. Ordførarkandidat Helge Robert Midtbø (t.v.) torer likevel ikkje å sleppe jubelen laus heilt enno. her saman med Thor Mehammer, Åshild Kjelsnes og Ingrid Heggø.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

Like før klokka 22.30 måndag kveld viser oppteljinga at Arbeidarpartiet har fått 33,7 prosent av stemmene, noko som er ein framgang på heile 7,2 prosentpoeng.

– Det er heilt fantastisk om dei tala her står seg. Vi er nesten litt sjokkerte nett no, seier Helge Robert Midtbø til NRK.

Han greier nesten ikkje å ta tala inn over seg, og er klar på at han vil vente til litt fleire stemmer er talde opp før han kjenner seg trygg.

Budd på forhandlingar

– Kor klar er du til å bli ordførar?

– Eg er klinkande klar og eg skal gjere ein god jobb for Førde. Men no skal det også forhandlast utover natta. Det er ikkje nok med berre eit godt valresultat. Ein skal også ha forhandlingar med dei andre partia, seier Midtbø.

Han trur partia som til no har danna fleirtalet i Førde, Høgre, Venstre, KrF og Sp vil snakke saman først.

– Og så har vi sagt at vi er her og klare til snakke med alle.

Arbeidarpartiet har gjort eit godt val i fleire kommunar, noko som gler ordførarkandidaten i Førde.

– Dette er veldig gledeleg for Ap, og det er dette vi har følt på dei siste vekene, at valvinden har snudd i vår retning.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.