Midtstopparen var nyleg på prøvespel i 2. divisjonsklubben Hødd på Sunnmøre. I helga fekk han kontraktstilbod frå ein annan 2. divisjonsklubb, Førde.
- Det er vel ingen tvil om at dette er ein spelar vi veldig gjerne vil ha med når vi om fem månadar skal spele i 2. divisjon, seier Odd H. Hagen i Førde Fotball til avisa Firda.
Slepp prøvespel
27-åringen er av mange skildra som ei av hovudårsakene til at vågsøyværingane
. I motsetnad til Mads Wie (Sandane), Christer Husa (Florø) og Tommy Løkkebø (Åndalsnes), slepp Sightorsson å prøvespele.- Vi veit kva han står for, seier Hagen til avisa.
Vil til Førde
Islendingen har ifølgje avisa eitt år att av kontrakten med Tornado Måløy. Om ei vekes tid skal han i nye forhandlingar med 3. divisjonsklubben. Sjølv seier han at han sportsleg har mest lyst til å spele i 2. divisjon med Førde.
- Og det hadde vore moro å få spele med Steinar igjen, seier han til avisa. Steinar Tenden og Sightorsson spelte i eitt år saman i islandske Akureryri.