Hopp til innhold

Førde vann over Jølster

Laurdag ettermiddag var klart for 3. divisjonskamp mellom Jølster og Førde.

I første omgang var det ein jamn kamp der Jølster var flinke i duellane.

- Men forskjellen er at Førde klarte å skåre, noko Jølster ikkje fekk til, seier oppmann Jarl Helle i Jølster fotball.

Ved pause var stillinga 0-2, noko som også vart sluttresultatet.

I andre omgang var Førde aggresive og var tydelegvis nøgde med å leie 2-0.

- Jølster hadde nokre sjansar, men klarte heller ikkje no å setje dei i mål.

Kampfakta:

Jølster - Førde 0-2 (0-2)

  • 24. minutt: 0-1 ved Sander Solvik
  • 30. minutt: 0-2 ved Gisle Isane

Les også: Mange mål i 4. runde