Falkenberg tok første settet 25–20. Førde sleit i starten og greidde ikkje å ta att leiinga til svenskane.
Også i det andre settet var det Falkenberg som var best. Ved slutten av dette settet stod det 24–26 på poengtavla. Siste settet i volleyballkampen tapte heimelaget 18–25.
Kom treigt i gang
Førde-spelar Jonas Kvalen seier dei ikkje fekk den aller beste starten på kampen.
– Vi kom veldig treigt i gang i dag. Falkenberg pressa og var ikkje redd for å gjere feil. Dei var heldige og trefte på nesten alt dei gjorde. Dei gjorde det vanskeleg for oss å komme skikkeleg inn i starten, seier han.
Kvalen trur det var litt nervar i laget før kampen, men at dei kom seg etter kvart.
– Spelet byrja å flyte og i andre settet stod det 24-24, men så glapp det. Då hadde vi kjempa oss opp og var på det beste.
Spelande Førde-trenar Marcin Lubiejewski er ikkje nøgd med kampen i Førdehuset i dag.
– Falkenberg spelte ein god kamp. Vi spelte ikkje på vårt eige nivå og gav kanskje 30–40 prosent av det vi kan. Det var mykje som ikkje fungerte, seier han.
Nøgde svenske
Den svenske hovudtrenaren Patrick Aparicio har god grunn til å gle seg og er godt nøgd med kampen.
– Vi hadde nok meir energi enn Førde. Servane deira var litt passive. På same tid var vi gode i blokk og defensivt. Vi klarte å halde trøkket, sjølv om kampen blei tettare etter kvart, seier Aparicio.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Trur dei manglar kamptrening
Styreleiar Sindre Roska i Førde volleyballklubb seier det var ein velfortent siger til svenskane.
– Det er ikkje anna å seie. Det er sikkert mange grunnar til at det gjekk slik, men Førde hadde ikkje system på spelet. Det kan skuldast manglande kamptrening. Vi har berre hatt ein kamp i eliteserien før vi skulle ut i denne runden.
Roska seier dei får bruke helga til å få kamperfaring før den viktige europacupkampen onsdag.
– Det blir det viktigaste no, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ny kamp søndag
Laurdag møtast Falkenberg og det danske laget Holte. Søndag spelar Førde mot Holte. Med resultatet i dag, er Førde-spelar Jonas Kvalen usikker på om dei går vidare til sluttspelet i Nordisk Liga.
– Det kan hende Holte tek Falkenberg i morgon. Vi skal i alle fall gi alt mot det danske laget søndag, seier han.