Hopp til innhold

Første veka i november blir ei veke utanom det vanlege

Volleyballentusiastane i fylket kan berre glede seg til første veka i november. Då er det duka for både Nordic League og Europacup i Førdehuset.

Førde til cupfinale i volleyball

STOR VEKE: Lars Fredrik Tvinde og volleyballentusiastane kan glede seg til første veka i november. Då blir det både Nordic League og Europacup i Førdehuset.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det skjer fort i Førde volleyball for tida. Etter at spelarane og eldsjeler putta pengar i potten så klubben fekk melde seg på Nordic League i siste liten , kom meldinga om at dei også får den innleiande runda på heimebane.

Første helga i november kjem nemleg danske Holte og Falkenberg frå Sverige for å kjempe om avansement i ligaen.

– Det er jo kjempegode nyhende. Vi har jobba hardt for å få dette til, og når vi også får det på heimebane så er det veldig gromt. Det gir oss ein klar fordel, seier dagleg leiar Tor Kristian Kvammen.

Finalist i fjor

Betydninga er nok ikkje så mykje på den økonomiske sida. Kvammen seier dei reknar med ein nullrekneskap etter arrangementet første helga i november.

Falkenberg tok seg heilt til finalen i fjor, men måtte der sjå seg knipent slått.

– Det er nok inga økonomisk gullgruve, men vi sparer på reiseutgiftene. Så har det også noko å seie for miljøet i regionen at det blir tre internasjonale kampar på ei helg, seier Kvammen.

Utanom det vanlege

– Men vi håpar å trekkje godt med folk og skape ei skikkeleg ramme, held han fram.

Legg ein til at russiske Fakel Novy Urengoy truleg kjem til Førde onsdag 6. november til første oppgjer i europacupen, er det duka for ei volleyballveke utanom det vanlege i Sunnfjord.

– Så mykje god volleyball har det ikkje vore på så kort tid før i Førde, slår Kvammen fast.

Viktig fordel

«Heimvende» Førde-spelar , og regionkonsulent for volleyballen i fylket, Jonas Kvalen, peikar på ein annan viktig fordel med å få Nordic League på heimebane.

– Vi slepp ei lang reise til og frå kvalifiseringa i Nordic League, før det tøffe møtet med russarane i europacupen. No har vi alt på heimebane, noko som er veldig gunstig. Det blir ei fantastisk veke, seier spelaren som også tok initiativ til kronerullinga og påmeldinga til den nordiske ligaen.

Vil til finalen

Når det gjeld ambisjonane i nordisk liga, så er det liten tvil om kvar dei regjerande seriemeistrane har lagt lista.

– Vi har heilt klart ambisjonar om å komme oss vidare til finalerunden. Det er berre dei fire puljevinnarane som går vidare, så vi må slå både Gentofte og Falkenberg, seier Kvammen.

Elitelaget til Førde volleyballklubb reiser i helga til Stavanger og Vest Cup. Her møter dei divisjonskollega Randaberg og Nyborg, samt 1. divisjonslaga Topp Volley og Rossvoll.

Spente før cup

Etter å ha mista Mathias Loftesnes til profftilvære i utlandet og sett Marcin Lubiejwski ta over trenarroret etter Frank Kalstad , er det ein spent gjeng som reiser sørover.

– Vi har hatt ein del utskiftingar, så vi er ganske spente. Vi stiller med alle mann, og vil nok få ein viss peikepinn på kvar vi står. Sjølv om vi kjem til å nytte treningskampane til å rullere mykje på laget og prøve nye ting, seier Kvammen.

NB! Saka er oppdatert, då det først vart opplyst at Førde skulle møte Gentofte i Nordic League.