NRK Meny

Førde-spiss aktuell for Florø

Florø har slite med å scora mål i førstedivisjon denne sesongen. No ser dei til nabobyen Førde for ei mogeleg løysing på problemet. Ifølgje Firdaposten skal Vegard Savland vera på blokka til Florø-trenar Terje Rognsø som har tatt kontakt med Førde om ein overgang.

Førde-angripar Vegard Savland i fullt firsprang
Foto: Rune Fossum / NRK