Hopp til innhold

Førde får 160 nye mottaksplassar

UDI region vest har tildelt nye plassar. For Førde sin del betyr det eit heilt nytt mottak.

Nytt asylmottak Førde

NYTT MOTTAK: Her kjem det nye asylmottaket i Førde. Brakkeanlegget ligg på Øyrane og er tidlegare brukt av arbeidarar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Norsk Mottaksdrift får etablere 160 nye ordinærare mottaksplassar i Førde frå 15. mars, medan Norsk Folkehjelp i Jølster får 150 plassar frå 1. mars, der nokre av dei er nye.

Det nye mottaket i Førde skal vere i eit brakkeanlegg på Øyrane som i dag blir leigd ut til ulike selskap.

Nytt mottak på Øyrane

Ordførar i Førde, Olve Grotle, fortel at Førde kommune nettopp har fått vite om tildelinga, og at dei ikkje har hatt tid til å vurdere korleis dei skal handtere det.

– Mottaket har ansvar for drivinga, og så får vi handtere helsetenster og opplæring og så vidare. Der er vi innstilte på at vi skal få på plass det som trengst, slik at vi kan ordne dette på ein så god måte som mogleg, seier han.

Sissel Mehammer, UDI

TILDELINGAR: Regiondirektør i UDI, Sissel Mehammer.

Foto: Bård Siem / NRK

Regiondirektør Sissel Mehammer i UDI har på si side tru på at Førde vil takle eit nytt mottak utan problem.

– Førde har lang tradisjon for å vere vertskommune for mottak og har vore ein god vertskommune. Vi har full tillit til at Førde kommune også greier å ta i vare sine tenester overfor dei nye mottaksbebuarane i kommunen.

Skal også leige hus

Ifølgje mottakskoordinator Jon Anders Martinussen i Norsk Mottaksdrift vil det følgje seks fulle stillingar med det nye mottaket.

– Delar av mottaket kjem til å ligge på brakkeanlegget, men vi skal også primært leige hus og leilegheiter rundt om i kommunen.

Brakkerigg på Øyrane blir nytt asylmottak

HER SKAL DEI BU: Mange asylsøkarar skal frå 15. mars bu i brakkeanlegget på Øyrane. Barnefamiliar skal bli plasserte i hus og leilegheiter rundt om i kommunen, opplyser Norsk Mottaksdrift.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Martiniussen meiner standarden er god nok på brakkeanlegget.

– For einslege meiner vi det. Bygget er i bruk i dag, så standarden er ikkje så galen. Men vi vil finne hus og leilegheiter som er meir eigna for barnefamiliar.

Over 50 nye plassar til Jølster.

Før Norsk Folkehjelp i Jølster er tildelinga ei fornying av kontrakta. Men i tillegg blir det utvida.

Det blir auka frå 96 plassar til 150 plassar med opsjon på 30 nye plassar. På Jølster Hotell kan det vere 80 personar. Resten vert desentralisert, så dette er noko som vil påverke heile bygda. Denne gongen er det ein god del som er tenkt busette på Skei, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

Jølster asylmottak

FLEIRE ASYLSØKARAR: Grethe Apelseth og dei andre i Norsk Folkehjelp har fått tildelt fleire mottaksplassar i Jølster kommune. Arkivfoto frå Jølster asylmottak på Vassenden.

Foto: Bård Siem / NRK

Klakegg meiner kommunen er rusta.

– No har vi hatt asylmottak i kommunen vår ei god tid og vi har ganske mange asylsøkarar, så vi er rigga til å klare jobben, men sjølvsagt utfordrar det oss og det er eit press på tenestene våre.

For verken Førde eller Jølster vil truleg ikkje alle dei nye plassane fyllast på same tid.

– Plassane skal vere til disposisjon frå den datoen som er oppgitt. Vi vil ta plassane i bruk etter behov, så det vil ikkje bli fullt på mottaket frå dag éin, seier Mehammer.