- Vi har registrert heilt opp i femlingar, seier Bolstad.
At sauene får tvillingar er ikkje sjeldan kost lenger. Men det blir også meir og meir vanleg at sauen får trillingar og firlingar.
Styrt utvikling
- Dette er ei ønskt og styrt utvikling frå avlsrådet. Tidlegare var det mange søyer som kom med berre eitt lam, og det var for dårleg, seier Bolstad.
Gjennom fleire år har det difor vore arbeidd med å ale opp sauer som fekk meir enn eitt lam. Mellom anna tok ein inn ein finsk rase som var meir fruktbar enn den norske, og det viste seg å gje resultat. Og kanskje nærmar ein seg no ei grense.
Høgt nok lammetal
- Lammetalet er høgt nok no. Det varierer sjølvsagt frå gard til gard, men nokre plassar er det no for mange trillingar, seier Bolstad.
Veterinærane meiner ikkje sauen lir noko nød ved fleir-fødslar fordi fostera er små. Sauebonde og leiar av Sogn og Fjordane Sau- og geitealslag, Ola Søgnesand, meiner det først er eit problem når sauen får fleire enn tre lam.
- Sauen klarar vanlegvis å ta seg av trillingar. Men viss vi får mange firlingfødslar, så er det ikkje ønskjeleg, seier Søgnesand.