Hopp til innhold

Like mange i Sløvåg har problem med sår hals

Stressymptoma er halverte, men dei som bur nær Sløvåg har sår hals, irritert nase, augeplager og generelt mykje luftvegsplager. Mange seier dei hostar dagleg.

Sløvåg1

FORKLARTE: Prosjektleiar og yrkeshygenikar Bjørg Eli Hollund synte resultata frå spørjeundersøkinga.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I overkant av 20 personar hadde teke turen til Dalsøyra skule i Gulen for å høyre siste nytt frå den siste spørjeundersøkinga som vart gjennomført vinteren 2010.

Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen hadde invitert til folkemøte om helseundersøkingane i Gulen og Masfjorden etter Vest Tank-ulukka i 2007.

I mai 2007 eksploderte ein lagringstank ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Sogn og Fjordane. Eksplosjonen resulterte i ein svær brann der store mengder røyk og gass vart spreidd i området. I etterkant gjennomførte kommunehelsetenesta ei spørjeundersøking blant innbyggjarane. Denne synte at mange hadde fått helseplager etter eksplosjonen.

Verst for dei som bur i Sløvåg

– I 2008 var det svært mange kvinner rapporterte om sår hals, spesielt dei som arbeider og jobbar i nærleiken av Sløvåg. I 2010-undersøkinga er det inga betring. Desse helseplagene har vart ved, seier arbeidsmedisinar og professor Bente Moen frå Universitetet i Bergen.

Saman med prosjektleiar og yrkeshygenikar Bjørg Eli Hollund frå Haukeland Universitetssjukehus, var ho på plass for å informere om dei siste funna i spørjeundersøkinga frå 2010.

I samarbeid med Miljøverndepartementet vedtok Helsedirektoratet at det skulle gjennomførast ei helseundersøking av dei råka etter ulykka. Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus vart bedd om å gjennomføre denne.

Den generelle helsa er bra

Trass i at like mange slit med luftvegsproblem, er det positive i undersøkinga at det ikkje er teikn til ei negativ utvikling når det gjeld generelle helsespørsmål.

– Men det er heilt tydeleg at folk som bur og arbeider innanfor seks kilometer frå ulykkesstaden, har generelt problem og ubehag med auga. Ikkje synsskadar, men plager som kan vere relaterte til forureining, seier Moen.

Dette kjem Helse Bergen til å undersøkje nøyare.

Sløvåg3

KOM FOR Å HØYRE: I overkant av 20 personar hadde teke vegen til Dalsøyra skule.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Framleis mange born som slit

Når det gjeld born, så fortalde dei i 2008-undersøkinga at dei som budde innanfor seks kilometer frå ulykkesstaden var mykje plaga av hovudverk, problem med magen, svimring og dårleg appetitt. I 2010 er det nesten inga endring på dette.

– Born som bur nær der ulykka skjedde, har framleis fleire plager enn dei som bur lenger unna. Dette vil vi sjå nærare på, seier Moen.

Går oftare til lege

Ein ser også at talet på legebesøk i denne gruppa har auka frå 20 prosent til 30 prosent. Forskarane skal jobbe vidare med å finne ut kvifor, og kjem til å jobbe med lokalt helsevesen for å finne svar på dette.

I førre spørjeundersøking, var det fleire som sleit med posttraumatisk stress-syndrom. Undersøkinga frå 2010 syner at talet på folk som er plaga av dette, er halvert.

Svarprosenten har gått ned

554 personar har svart på spørjeundersøkinga i 2010, mot 1016 i 2008.

– Svarprosenten har sokke kraftig, og det har truleg samanheng med at dei som bur lengre ifrå der ulykka skjedde, ikkje har sett grunn til å svare sidan dei ikkje er så mykje påverka av ulykka, seier Hollund.

Innbyggjarane føler seg roa av resultata, og er glade både for at den generelle helsetilstanden ser ut til å betre seg, og at dei veit at dei har vorte utsette for noko.

Det kjem ny rapport i november 2012. Forskarane samarbeidar tett med Helsedirektoratet.


Les alt om Sløvåg-eksplosjonen
her.