Hopp til innhold

Folk i fjordfylket er ikkje like sunne som før

LEIKANGER (NRK): Sogn og Fjordane er ikkje lenger «livsstilsfylket». Då må vi begynne å trimme meir, seier forskar Ane Kristiansen Solbraa.

Folk i Sogn og Fjordane har lenge solt seg i glansen over hvor sunne de er. De har levd lengre, vært slankare og mer aktive enn i landet ellers. Men nå er glansbiletet i ferd med å legge på seg

SJÅ TV-SAKA: I dag er folk i Sogn og Fjordane like overvektige som resten av landet, syner doktograden til Ane K. Solbraa.

Ane Kristiansen Solbraa

FEITARE ENN FØR: Folk i Sogn og Fjordane er feitare no enn for 35 år sidan, seier forskar Ane Kristiansen Solbraa.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi lever eit liv der vi ofte tek det enkle valet, og i mange tilfelle er det eit usunt val, seier Ane Kristiansen Solbraa, stipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane/Noregs idrettshøgskole.

Folk i Sogn og Fjordane har lenge kunne sole seg i glansen over kor sunne dei er. Dei lev lengre, er slankare og meir aktive enn i landet elles. Men no er glansbiletet i ferd med å leggje på seg.

– Vi er mindre fysisk aktive i kvardagen, vi brukar meir bil og mindre bein og sykkel, men vi er meir fysisk aktive i fritida enn for 35 år sidan, seier Kristiansen Solbraa.

Ho har skrive doktorgrad om fysisk aktivitet og risikofaktorar for hjarte- og karsjukdomar hos vaksen i Sogn og Fjordane.

Alvorleg for helsa

Likevel er folk i Sogn og Fjordane framleis meir fysisk aktive enn i resten av landet, men det er ikkje nok, fortel ho. For også her vert folk stadig tyngre.

I 1975 var 35 prosent av kvinnene og 41 prosent av mennene overvektige eller feite. I 2010 hadde prosenttala auka til 44 og 56.

– Det i dag like mange overvektige og feite i Sogn og Fjordane som i resten av landet. For folkehelsa vår så er det alvorleg. Aktivitet har ein beskyttande verknad på mange sjukdomar, seier Kristiansen Solbraa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kontrolandskap Difi Sogn og Fjordane

STILLESITJANDE: I kontorlandskapet til Difi på Leikanger blir mykje av jobbkvardagen brukt bak dataskjermen.

Foto: Sogn og Fjordane / NRK

Trening i arbeidstida

På servicesenteret til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) på Leikanger er det hektisk, men for dei gode hjelparane her er arbeidet stillesitjande.

Stine Nyheim Stølen

TRENAR PÅ JOBB: Stine Nyheim Stølen er glad dei har fått tid til trening i arbeidstida.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er ikkje slik som det var før i tida, då fleire hadde fysisk arbeid. Ein merkar at det vanskelegare å halde seg i form. Det kan vere eit problem for mange når vi jobbar på eit kontor slik som her, fortel Stine Nyheim Stølen, førstekonsulent hos Difi.

Ein meir statisk livsstil har òg innhenta Sogn og Fjordane. Men i vaktlistene til dei tilsette hos Difi ligg det inne to timar betalt trening.

– Vi får rett og slett kopla av litt. Ein veit at ein har dei to timane der du kan gjere det du vil av trening. Eg trur arbeidsgjevar får att for det i lengda, det trur eg, seier Nyheim Stølen.

Tilsette på Jogging, trening

JOGGETUR: Dei tilsette på Difi får tid til trening i arbeidstida.

Foto: Arne Stubhaug / NRK