Hopp til innhold

«Vi manglar politikarar med visjonar»

Kven har ansvaret for at vi blir overvektige og utviklar fedme. Er det vi sjølve eller er samfunnet?

Kari Jaquesson og John Roger Andersen

KRANGLAR OM FEDME: Treningsguru Kari Jaquesson og fedmeforskar John Roger Andersen er usamde om det er vi sjølve eller samfunnet som har ansvaret når vi utviklar fedme.

Foto: MONTASJE: Arne Raanaas/ Arne Stubhaug / NRK

– Fedme er den einskilde sitt ansvar. Det seier treningsguru Kari Jaquesson.

Ho er både samd og usamd med forskarane som meiner ansvaret ligg på samfunnet

– Det er mange freistingar i samfunnet, men til sjuande og sist er det den einskilde sitt ansvar kva ein gjer med livet sitt.

Ein av fem har fedme

Halvparten av alle vaksne her i landet er overvektige, og ein av fem har fedme. Det er dobbelt så mange som for 30 år sidan. Fedmeforskar John Roger Andersen meiner politikarane må ta inn over seg at fedme ikkje er enkeltpersonar sin feil, men snarare samfunnet vi lever i.

– Det vi må gjere no er å tenke nytt og smart. Vi ser det er ein del systemfeil i samfunnet som fremjar fedme.

Andersen seier det kan vere knytt til det som regulerer mat og det som regulerer fysisk aktivitet i befolkninga.

For lite pengar

– Det blir sett av for lite pengar til tiltak i det offentlege rom som vil gjere det lettare å vere fysisk aktive. I tillegg må vi sjå på matreklame og korleis mat blir distribuert.

Kari Jaquesson

FEDMEDEBATTEN: – Fedmeproblema er kjende, det vi no treng er forslag til løysingar, seier Kari Jaquesson.

Foto: Kim Jansson / NRK

Det han snakkar om her er kapitalisme, og du vil ikkje finne ein politikar i verda som vil seie at no er det vi som skal bestemme kva som kan seljast og kvar og når, seier Jaquesson.

Ho meiner at det er nettopp dette som er problemet: fri tilgang på alt heile tida.

– Der er menneske og bikkjer like.

– Alle som har hund veit at gir du den så mykje mat den vil, så et den til den uvitar, for så å vakne opp og ete vidare. Vi menneske treng ikkje lenger bruke kroppen for å jakte og har massevis av pengar til å kjøpe alt vi har lyst på, seier Jaquesson.

– Kom med noko nytt!

– Vi kjenner godt til problema, seier Jaquesson og utfordrar forskarane og akademikarane til heller å kome med forslag til løysingar.

John Roger Andersen, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

FEDME: – må tenke nytt å smart for å få bukt med det aukande fedmeproblemet i samfunnet, meiner fedmeforskar John Roger Andersen.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

–Det finst ikkje noko kvikk fix når det gjeld fedme. Nøkkelen er å sjå at det finst mange faktorar, seier Andersen

– Kom med noko konkret dette har vi høyrt mange gonger før, svarar Jaquesson. Dette veit vi, og eg er ikkje usamd med deg, men kom med noko nytt!

Politisk sjølvmord

Andersen vil ha ein nasjonal dugnad der ein grip fat i fleire ting.

– Ein ting er skulen, på forskingsfronten har vi innført ein time fysisk aktivitet kvar dag. Så må vi jobbe med reklame i forhold til mat, i dag er det marknaden som rår.

Jaquesson er pessimistisk med omsyn til endringar så lenge vi lever i eit kapitalistisk samfunn, og trur ikkje vi vil oppnå anna enn symbolske endringar.

– Det vil vere politisk sjølvmord å til dømes seie at no folkens blir det ikkje lenger lov å køyre bil på onsdagar og torsdagar. Eg ser eigentleg ikkje noko håp diverre. Vi manglar politiske visjonar og modige politikarar.