Hopp til innhold

Folk i Årdal er frustrerte over Giske-saka

ØVRE ÅRDAL (NRK): I ein av Arbeidarpartiet sine sterkaste bastionar er bygdepraten prega av stridigheitene rundt nestleiar Trond Giske og splittinga i partiet.

Folk i Årdal om Trond Giske

DISKUTERER GISKE: Rundt bordet på Utla kafe diskuterer desse karane striden rundt Trond Giske.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det er veldig ubehageleg for heile partiet det som no skjer. Skal du sitje i leiinga i eit parti, må du vere til å stole på seier, seier Kari Bjørg Måren, som vi treffer på gata i Årdal.

I den vesle industrikommunen heilt inne i Sognefjorden har Arbeidarpartiet vore det største partiet ved alle val sidan før krigen. Dei siste tiåra har oppslutnad vore mellom 60 og 70 prosent. Oppslutnaden ved stortingsvalet i haust var historisk låg med 59,8 prosent.

Når stemninga i Ap no vert skildra som elendig, er det ikkje vanskeleg å forstå at det også smittar over på aluminiumsbygda Årdal.

– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg at noko slikt kan skje. Eg for min del trur dette er noko som har kokt under overflata lenge, seier ein annan NRK går forbi.

Oversiktsbilete over Øvre Årdal

BASTION: Årdal i Sogn har vore ein av Arbeidarpartiet sine sterkaste kommunar i ei årrekkje.

Foto: Per Svein Reed / NTB scanpix

Ved Utla Kafe i Øvre Årdal samlast ein gjeng karar kvar dag rundt det same bordet. I det siste er det eitt tema som har dominert: spliden i deira kjære Arbeidarparti.

– Eg trur Giske kan kome tilbake. Berre sjå på Søviknes i Frp som gjekk langt over streken, og Hoksrud som var i Riga og fekk ei kraftig bot. Det som er tragisk er at folk må tenka på at han har familie og ei dotter i ungdomsåra, seier Kåre Furebotten.

Årdølane har hatt høg tillit til Giske

Trond Giske har vitja Årdal fleire gonger, har tradisjonelt vore ein godt likt mann i industribygda.

– Trond Giske er ein politikar som alltid har hatt veldig høg tillit her i Årdal. Det har å gjere med at han er dyktig næringspolitikar, kanskje ein av dei dyktigaste vi har her i landet, seier Hilmar Høl.

Han er årdøl, og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Høl har tidlegare understreka at han har tillit til korleis leiinga i Arbeidarpartiet handterer denne saka. Likevel må ha innrømme at han håpar det kjem ei avslutning på konflikten snart.

– Heile partiet er jo lamma av dette, og vi får jo ikkje noko mediedekning på noko av politikken vår. Vi treng å få denne saka ut av verda, seier fylkesleiaren.

Trond Giske

POPULÆR I BYGDA: Trond Giske har alltid vore populær i Årdal, ifølgje Hilmar Høl.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Har framleis trua på Arbeidarpartiet

Korkje Trond Giske eller leiinga i Arbeidarpartiet ønskjer å kommentere denne saka.

Rundt bordet på Utla kafe er stamgjestene fortvilte over situasjonen i partiet, men dei er likevel klare på at dei ikkje har mista trua på det som har vore det store politiske partiet i bygda sidan 30-talet.

– Eg har framleis trua på Ap – hadde eg sagt noko anna hadde fatteren snudd seg i grava, seier ein av dei.