Helseministeren konkluderte onsdag med at det blir ei forsterka fødestove i Lærdal. Aarethun seier han vil passe på at helseføretaka følgjer opp intensjonane frå helseministeren. Han ser gjerne at Jostedalsaksjonen og andre også er med på å passe på.
Gav opp kampen
Sogn regionråd gav opp kampen for ei fødeavdeling i desember i fjor, og har sidan kjempa for ei forsterka fødestove i Lærdal. I ei pressemelding i dag gir regionrådet si fulle støtte til helseministeren si avgjerd. Aarethun meiner det er grunn til å juble. - No får fødetilbodet ein kvalitet i kraft av at det er ein gynekolog til stades, seier han.
Skal følgje med
Helseministeren går inn for ei forsterka fødestove med døgnberedskap og gynekologar. Sjukehusaksjonistane i Sogn hadde frykta ei ordinær fødestove, og dei fleste var letta i går. Men Else Marie Haugen i Jostedalsaksjonen er skeptisk. Dei skal også følgje med på at gynekologen er tilgjengeleg dag og natt framover.
Knut O. Aarethun i Sogn regionråd er ikkje redd for at gynekologane vil forsvinne, men seier han også vil følgje godt med på at tilbodet blir slik helseministeren har lova.