NRK Meny
Normal

Følg Stryn - Aalesunds Fk direkte

I dag startar cupen for fullt for fleire lokale lag. Du kan sjå kampen mellom Stryn og Aalesund direkte i nett-TV.

Stryn sitt første mål

SJÅ MÅLET: Mads Wie blir tiljubla etter målet mot Aalesund. (FOTO: STEINAR LOTE/NRK)

SISTE: Stryn kom desidert best i gang i oppgjeret som starta klokka 18 på Stryn stadion. Allereie etter eitt minutt låg den første ballen i nettmaskene, signert heimelagets Mads Wie.

Etter 12 minutt utlikna Henrik Rørvik Bjørdal for Aalesund.

16 minuttar etter pause har Aalesunds snudd kampen. Mostafa Abdellaoue strekkjer fram ein fot på lengste stolpe og lirkar ballen i mål. Heimelaget vil ha offside.

Vel ti minuttar før slutt sette vågsøyværingen Peter Orry Larsen gjestene sitt tredje mål for kvelden. Dermed går det mot cupexit for Stryn.

Stryn håpa på 1000 tilskodarar til møtet med sunnmøringane.

Aafk utlikna på corner, 1-1

UTLIKNING: Henrik Rørvik Bjørdal utliknar for Aalesunds. (FOTO: STEINAR LOTE/NRK)

AAFK 2-1 mål

LEIING: Mostafa Abdellaoue sendte Aafk i føringa kvarteret etter pause. (FOTO: STEINAR LOTE/NRK)

AAFK 3-1 mål

SPIKEREN: Peter Orry Larsen sette den berømte spikeren i kista då han sette inn 3-1 vel ti minuttar før slutt. (FOTO: STEINAR LOTE/NRK)

Aafk-trenar Harald Aabrekk

KLAR: Harald Aabrekk er hovudtrenar for Aafk.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har du ikkje moglegheit til å vere der, kan du likevel få med deg kampen. Vi sender cup-oppgjeret direkte i nett-TV.

Slik spelar dei lokale laga i første runde i NM for herrar:

  • Lysekloster–Sogndal 1-5 (0-3)
  • Varegg–Florø 4-2 (2-1)
  • Førde–Fyllingsdalen 0-5 (0-2)
  • Stryn–Aalesund 1-3 (1-1)

Første runde NM kvinner:

  • Kaupanger–Voss 4-1 (2-0)