NRK Meny
Normal

Vålerenga slo Sogndal i siste minutt

Sidy Sagna klinka til etter seks minutt i 2. omgang og sørga for at Sogndal leia 1-0 over Vålerenga. Men etter 13 minutt utlikna Vålerenga. Etter 89 minutt gjekk Vålerenga opp i leiing 1-2.

sogndal

STOR SJANSE: Malick Mane kunne skote Sogndal til himmels etter åtte minutt.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Klokka 18 brakar det laust på Fosshaugane og trenar Jonas Olsson har no plukka ut dei 11 som startar på bana. Her kan du følgje kampen minutt for minutt.

Laget til Sogndal er:

Erik Dahlin - Eirik Skaasheim, Espen Næss Lund, Gustav Valsvik, Taijo Teniste, Sidy Sagna, Kristoffer Nesse Stephensen, Malick Mane, Ruben Holsæter, Ulrik Flo, Azar Karadas.

På benken: Mathias Dyngeland, Bjørn Inge Utvik, Martin Trøen, Anders Hella, Mahatma Otoo, Thomas Ness, Gilbert Koomson.

Klokka 18 møter laget Vålerenga til dyst på Fosshaugane stadion. Begge laga vil kjempe om poenga, som dei sårt treng for å klatre oppover på tabellen. Begge laga har, saman med Sandnes Ulf 30 poeng, og ligg såleis tett på nedrykksstreken.


Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.