Somaliske Isse vart landskjend kring juletider då han kjempa for å få dei fem morlause borna sine til Norge frå ein barneheim i Etiopia, og lukkast.
- Har ikkje ressursar
No går to av borna på skule i Florø, medan tre er i barnehage, og Isse sjølv lærer norsk. Isse ønskjer å bli i Florø, men kommunen som alt har busett mange asylsøkjarar, har ikkje ressursar, seier dagleg leiar for innvandringssenteret, Arild Melvær. Han ser at Flora no lett kan framstå som den store, stygge ulven.
Somalisk miljø
Kvar Isse no kan rekne med å hamne, kan ikkje UDI svare på i dag. Berge vil drøfte saka med Isse, og reknar med å finne ein kommune der det alt er eit somalisk miljø. - Det kan bli ein annan kommune i Sogn og Fjordane, seier Berge.