Foto Randi Indrebø © NRK
For to månader sidan fekk Isse ungane sine til Noreg. Det går svært godt med familien, og dei vil gjerne bli.
– At Isse ser ut til å greie seg svært godt, kan ikkje kommunen ta omsyn til, seier dagleg leiar ved Innvandrarsenteret i Flora, Arild Melvær. Han reknar med at Isse må vente til ein kommune på Vestlandet seier ja til å busette han.
Vil bli
Dermed blir det opp til UDI å finne ein kommune til Isse og dei fem borna, som han i februar fekk henta til Noreg etter lang tid frå kvarandre. No går to av borna på skule og tre i barnehage, medan Isse sjølv lærer norsk.
Familien greier seg svært godt, og Isse sjølv har eit sterkt ynskje om å få bli i Florø. Men kommunen og leiinga ved det kommunale innvandrarsenteret meiner det blir for krevjande.
Pengar og personell
– Dette er eit pengespørsmål, men like mykje eit spørsmål om personell. Vi har ikkje kapasitet i barnevern og andre hjelpetenester, seier Melvær. Han meiner dei tilsette ved mottaket har strekt seg svært langt i denne saka.
No er det opp til UDI å finne ein kommune som vil busette familien. Det kan gå fleire månader før det er i boks. Men Melvær reknar med at Isse tek meldinga med fatning.
– Isse har fått beskjed for lenge sidan om at han ikkje får bu i Flora, men han vonar nok at vi vil ombestemme oss, trur Melvær, som ikkje har snakka med Isse på lenge.
Sjå bileta då Isse Mohammed henta borna sine i Etiopia.