Hopp til innhold

Florø tok sin 17. siger - nærmar seg opprykk til 2. divisjon

(Florø – Tornado Måløy 4-0) Florø hadde full kontroll og sikra seg nok ein siger i 3. divisjon. Med tre nye poeng, er dei endå nærare eit opprykk.

Florø hadde full kontroll og sikra seg nok ein siger i 3. divisjon. Med tre nye poeng, er dei endå nærare eit opprykk.

SJÅ VIDEO:Kristoffer Ryland skåra hat trick i kampen mot Tornado Måløy. Foto: Truls Kleiven

Terje Rognsø

MOT OPPRYKK: Florø-trenar Terje Rongsø er godt nøgd med at sigerrekka held fram.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Florø tok imot Tornado Måløy onsdag kveld. Kampen enda med 4–0 til heimelaget. Stillinga ved pause var 3–0. Måla i dag blei skåra av Kristoffer Ryland (3) og Stefan Aase (1).

Sjølv om Florø-trenar Terje Rognsø er nøgd med kveldens prestasjon, tykkjer hand det var ein kjedeleg og treig kamp.

– Det virka etter kvart som at gjestene hadde som målsetjing om å minske tapet. Det var heller ingen stor kamp frå vår side, sjølv om vi hadde full kontroll og var mykje betre enn dei, seier han.

Florø har gått gjennom sesongen utan å tape ein einaste kamp. Så langt har dei 15 sigrar og tre uavgjort. Dei har no 48 poeng og toppar tabellen. Dei skulle eigentleg hatt 54 poeng og 18 sigrar, men seks poeng forsvann då Radøy Manger måtte forlate 3. divisjon i august.

Må halde fokus framover

Varegg som ligg på 2. plass på tabellen har 37 poeng og kan maksimalt klare 18 poeng til om dei vinn dei seks siste kampane sine.

– Dei kan ikkje få meir enn 55 poeng, då må dei vinne alle kampane som står att. Det er den grensa vi må halde oss til, Vi har no 48 poeng og må ha minst sju poeng på dei kampane som står att.

– Ingen tek innpå oss så lenge vi held fram med å vinne, seier han.

– Er det mogleg å vinne dei seks siste kampane?

– Vi tek ein kamp om gongen. Det er viktig å halde fokus på neste kamp sjølv om folk byrjar å gratulerer oss med opprykk.

Storskåraren Aase

Midtbanespelaren Stefan Aase er storskårar for Florø med 21 mål til no i sesongen.

– Eigentleg står han med 18 mål fordi tre av måla blei skåra mot Radøy/Manger. Det er uansett eit imponerande tal på mål så langt. I dag skåra han eitt, men burde hatt to-tre til, seier Rognsø.

Stort utviklingspotensial

Det unge laget til Florø har ingen problem med å halde motivasjonen oppe og takle presset framover. Dei har viktige kampar kvar einaste helg og spelarane har mange år med erfaring. Mange av dei har spelt på A-laget sidan dei var 15 år.

– Dei har reist mykje på turneringar, både i innland og utland. Dei har masse erfaring på aldersbestemt fotball og er vane med å handtere press både internt i klubben og eksternt.

Florø sitt største problem er at mange reiser vekk for å studere. Rykkjer laget opp, må dei tenkje annleis for å behalde spelarane.

– Det er mange som har eit stort utviklingspotensial og vi må klare å halde på dei.

Stefan Aase

TOPPSKÅRAR: Stefan Aase skåra eitt mål i dag. Så langt står han med 18 mål denne sesongen.

Foto: Truls Kleiven