Hopp til innhold

Vik-trenar: - Det var ikkje uventa

I Vik håpa dei i det lengste at Radøy/Manger FK skulle få behalde plassen i 3. divisjon. No kjenner trenar Jarle Christensen at han og laget har blitt svarteper.

Vik-trenar Jarle Christensen

SKUFFA: Vik-trenar Jarle Christensen seier han og klubben føler at dei sit att med svarteper etter at det no er endeleg bestemt at Radøy/Manger er kasta ut av 3. divisjon.

Foto: Rune Målsnes

– Sjølvsagt er eg skuffa, men det var ikkje uventa at dette var resultatet, seier Vik-trenar Jarle Christensen til NRK.no.

Måndag ettermiddag fekk han den sure beskjeden om at NFF har avvist anken frå Radøy/Manger FK. Etter at dei ikkje makta stille lag til bortemøtet med Årdal FK sist helg, vedtok Hordaland fotballkrins å ekskludere dei frå vidare spel i divisjonen. Saka vart anka til Norges Fotballforbund, og i dag kom beskjeden om at anken var forkasta.

Utkastinga av Radøy/Manger får store konsekvensar for laget i botn av tabellen, der både Vik og Sotra mister seks poeng. Christensen og klubben håpa i det lengste at saka skulle kunne løysast på ein anna måte, og legg ikkje skjul på at situasjonen er svært fortvilande for dei.

– Det er fortvilande for meg og alle dei på laget som legg ned mykje tid og krefter i dette. Vi ser på fotballen som veldig viktig, og då er det fortvilande å kome så dårleg ut når vi er ein uskuldig tredjepart i dette, seier Vik-trenaren til NRK.no.

– Vi blir sitjande att som svarteper, seier han tydeleg skuffa.

Likevel meiner han det er viktig å ikkje gje opp å berge plassen i divisjonen heilt enno.

– Vi må berre akseptere dette, og gjere så godt vi kan resten av sesongen og få nok poeng til å klare oss, seier Christensen.