Hopp til innhold

Florø stanga Sogndal i senk på Fosshaugane

SOGNDAL (NRK): Florø tok tre livsviktige poeng mot Sogndal på Fosshaugane, etter å ha avgjort kampen på dødball. Samstundes ser det stadig vanskelegare ut for Sogndal å klara å rykka direkte opp.

Runar Hove scorar mot Sogndal

RAGA HØGST: Runar Hove putta to mot Sogndal. Her er det andre.

Foto: Christian Blom

– I dag jobbar me sokkane av oss, og det gir resultat. Eg har god tru på at me kan klara å halda plassen i divisjonen, men eg veit det blir tøft, sa Florø-trenar Terje Rognsø etter kampen.

– Det er mange poeng att å spela om. Men me må byrja å vinna kampar att. Uavgjort her og der hjelp ikkje, sa Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Runar Hove scorar mot Sogndal

RAGA HØGST: Runar Hove putta to mot Sogndal. Her er det andre.

Foto: Christian Blom

Langt mellom høgdepunkta

Sigurd Haugen opna scoringsballet for heimelaget etter 10 minutt, då han vart spelt gjennom av Sixten Jensen. Åleine med Florø-keeper Fij gjorde han ingen feil, og dunka ballen i mål via stolpen. Det såg ut som om det skulle bli ein oppskriftsmessig siger mot veslebror frå kysten.

Det var ein tett 1. omgang med mange duellar, utan heilt det store å skriva heim om. Florø hadde lite å koma med, men på ein corner etter 29 minutt steig Runar Hove opp og stanga ballen i mål.

Florø jublar for scoring mot Sogndal

JUBEL: Florø jublar for scoring mot Sogndal.

Foto: Christian Blom

Andre omgang var berre sju minutt gamal, då Runar Hove nok ein gong raga høgast på ein corner. Etter 61 minutt byrja heimepublikummet allereie å finna vegen ut av stadion, då Alioune Ndour heada ballen i mål for bortelaget. 3–1 var eit faktum.

Nokre minutt seinare fekk bortelaget straffe, og ein gyllen moglegheit til å setta spikaren i Sogndal-kista. Men Vegard Savland, som var den som vart felt, bomma, og Sogndal hadde framleis eit lite håp.

Begge lag har framleis trua

Terje Rognsø

BRA DAG PÅ JOBB: Florø-trenar Terje Rognsø hadde ein bra dag på jobb.

Foto: Christian Blom

Men heimelaget kom aldri lenger enn håpet. Eirik Schulze reduserte, men det vart med det målet. Dermed vart det nok eit skot i baugen i seglasen mot opprykk. No er dei to poeng bak Mjøndalen på andreplass, som har ein kamp mindre spelt.

– Opprykkstoget er ikkje forsvunne endå. Me skal møta Mjøndalen, og har me moglegheit til å henta inn att tre poeng der. Eg er veldig optimist på opprykk, seier Sogndal-keeper og kaptein Mathias Dyngeland.

Runar Hove scorar mot Sogndal

2-1: Runar Hove har nettopp heada inn sitt andre for dagen.

Foto: Christian Blom

Dei tre poenga for Florø kan visa seg å bli veldig viktige i kampen om å halda seg i divisjonen. Med søndagens siger klatra dei opp på kvalifiseringsplassen, med ein kamp meir enn Strømmen på plassen bak.

– Dette var kjempeviktige poeng, men det er eit lite stykke opp til sikker plass. Me får ta dei poenga me får, og tre poeng er sjølvsagt det beste, sa ein glad tomålsscorar Runar Hove etter Florø sin første trepoengar på bortebane i år.

Laster innhold, vennligst vent..