– Sogndal og Florø er likare enn me har lyst å vera

By mot bygd. Kyst mot ski. Sild mot saft. Når Sogndal møter Florø til fotballkamp, er det meir enn tre poeng det står om. Men det store nabooppgjeret har det endå til gode å bli.

Vidar Vadseth

KLAR TIL KAMP: Vidar Vadseth, leiar i Saftkokaradn, gler seg til kamp på søndag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Florøværingane har alltid trudd dei er litt betre enn sogndølane, seier Vidar Vadseth, leiar i supporterklubben til Sogndal, Saftkokaradn.

– Opp gjennom åra føler me at me, politisk sett, har gått glipp av mykje som har hamna i indre delar av fylket, seier Eivind Haugstad Kleiven, medlem i supporterklubben til Florø, Stimen.

Begge med litt glimt i auga, men det er tydeleg at kampen på søndag betyr meir enn ein vanleg serierunde.

Peter Aase (Florø) og Stanisa Mandic (Sogndal)

SOGNDAL VANN SIST: I juli spelte Florø heime mot Sogndal. Då var det Stanica Mandic og Sogndal som trakk det lengste strået mot Peter Aase og Florø.

Foto: Truls Kleiven

Storebror mot veslebror

Både Sogndal og Florø treng sårt tre poeng: Florø for å henga med i kampen om trygg plass, Sogndal for å framleis ha kontakt med plassane som gir direkte opprykk.

– Om Sogndal taper for Florø, kan dei berre gløyma å rykka rett opp. Då er det noko som skurrar, seier Per Ingar Sviggum. Han trente Sogndal til cupfinalen i 1976, og spelte for både Sogndal og Brann i si aktive karriere.

I fotballsamanheng er dette storebror mot veslebror. Men den heilt store rivaliseringa klubbane seg i mellom har nok uteblitt. Mykje av grunnen er at oppgjera dei har spelt, stort sett har vore treningskampar, nokre cupkampar dei seinare åra der Florø har gått sigrande ut , og seriekampen i Florø i før ferien .

For å finna sist Sogndal spelte heime mot Florø i serien, må me tilbake til 1964.

Jon Navarsete

HUGSAR LOKALOPPGJERA GODT: Jon Navarsete hugsar kampane Sogndal og Florø spela mot kvarandre på 60-talet. Den gongen i den lokale 4. divisjonen.

Foto: Arve Uglum / NRK

– I den lokale 4. divisjonen frå 1961 til 1964 møtest Sogndal og Florø fleire gonger. Då vart det ofte målkalas. Det er fleire spelarar som kan seia at dei har både fire og fem scoringar mot Florø, seier Jon Navarsete, som spelte på det berømte cupfinalelaget til Sogndal i 1976.

Førde og Brann er rivalane

Per Øyvind Helle

VIL SKAPA NABOOPPGJER: Florøpatriot Per Øyvind Helle håpar det blir ein tradisjon med dette nabooppgjeret.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Sogndal og Florø ligg så langt frå kvarandre at det ikkje er naturleg å sjå på dei som vår rival. For oss har det alltid vore Førde, seier florøpatrioten Per Øyvind Helle.

Om Sogndal og Florø er storebror og veslebror, så er Brann den eldste i søskenflokken med god margin.

– Historisk har Brann vore det store. Det har vore like langt til Sogndal som til Bergen, og då var det Brann som gjaldt. No lev me heldigvis i ei tid der det er kortare veg til Sogndal enn Bergen, så eg håpar begge held seg i divisjonen. Då kan me skapa flotte nabooppgjer i framtida, seier Helle.

Om ikkje Sogndal vinn, blir vegen til direkte opprykk endå lenger. Og det blir også vegen til det sårt etterlengta oppgjeret mot Brann.

– Er det ei grei erstatning for Sogndal å spela lokaloppgjer mot Florø i staden for Brann?

Nei, det er ikkje ei grei erstatning! Å spela mot Brann er noko heilt spesielt, seier Per Ingar Sviggum.

Kristian Fardal Opseth

EIN KAMP SOM BLIR HUGSA LENGE: Sogndalsupporterane som var i Bergen junidagen i 2016 vil nok ikkje gløyma det med det første. Sogndal vann 4-0, og kaupingen Kristian Fardal Opseth scora tre av måla.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vidar Vadseth er gift med ei frå Florø. Han er ofte i byen, men ser ikkje fram til dei turane, om Florø skulle stikka av med alle poenga på søndag.

– Eg håpar me tek dei, slik at det blir kjekt å gå på Hjørnevikbua utover hausten og vinteren også, ler han.

LES MEIR: Kommentar: To klubbar på kanten

Vidar Vadseth

SAFTKOKAR: Vidar Vadseth.

Foto: Sondre Dalaker / NRK