Hopp til innhold

Florø får sin eigen opera

Det er rom for ei tredje operascene i Sogn og Fjordane, trur operasjefen ved Opera Nordfjord. Laurdag kveld er det duka for premiere med ved nye OperaKysten i Florø.

OperaKysten i Florø
Foto: Truls Kleiven / NRK

– Det er utruleg spennande. Veldig tøft at dei har begynt med opera i Florø også. Eg gler meg til premieren, seier Kari Standal Pavelich, operasjef ved Opera Nordfjord.

Med regissør Oda Alisøy i spissen har nyetablerte OperaKysten i Florø premiere laurdag. Fleire lokale krefter både på og bak scena er i sving når Der Schauspieldirektor blir sett opp som første stykke i Flora samfunnshus.

Nykomlingen i Florø blir Sogn og Fjordane sitt tredje tilbod innan opera. Frå før har Opera Nordfjord og Åmot Operagard i Gaular fått merksemd langt utover fylkesgrensene.

Lokale aktørar på scena

– På scenen står Nora Sårheim som er ei lokal Florø-jente som held på å utdanne seg til operasongar i Bergen. Og Trond Ramstad Olsen, også han lokal frå Florø, spelar teaterdirektør, fortel Alisøy som sjølv er florøværing.

I tillegg består ensemblet av både profesjonelle og artistar som er under utdanning, fortel regissøren som sjølv har bakgrunn frå teater.

– Publikum kan vente seg fantastisk flott musikk framført av eit veldig kompetent seksmanns orkester, flotte songar og ein pen operaførestilling, lovar Alisøy.

Eldsjeler og lokal velvilje

OperaKysten vart stifta av operavener i Florø i fjor vår. På Nordfjordeid har Kari Standal Pavelich følgt spent med. Ho trur det er litt tilfeldig at vesle Sogn og Fjordane på tre år har fått tre ulike operatilbod.

– Personar på desse plassane har interesse for opera og har sett det i gang, og dei får med seg personar i nærmiljøet som hjelper til. Eg trur det er veldig personavhengig at desse eldsjelene er der. Det er spennande at dei har fått med seg andre som trur på ideen.

– Er det verkeleg marknad for tre operascener i Sogn og Fjordane?

– Ja, det trur eg. Særleg er det viktig at heimepublikumet i Florø stiller opp, men eg håpar jo at det også kjem folk frå heile fylket.

– Eg vil berre få ønske dei lykke til. Det som er viktig er å få velvilje frå lokalsamfunnet. Det trur eg dei har. Dei er flinke i Florø på arrangement, så dette trur eg skal gå veldig bra.