Hopp til innhold

Florø audmjuka cupmeistrane frå 2012 - «kampen gjekk akkurat som planlagt»

Unggutane frå Florø hadde null respekt for cupmeistrane frå 2012. Hødd måtte bite i det sure eplet og rusle av bana etter fem baklengs. Kampen enda 5–1 til Florø.

Hødd - Florø
Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Kampen vart slik vi håpa han skulle bli, og slik vi la opp til. Det er ikkje alltid det skjer, men denne gongen vart det bortimot slik vi hadde planlagt, seier Florø-trenar Terje Rognsø, som var jublande glad etter cupskrellen.

Trass i divisjonsforskjell og heimebanefordel for Hødd, var det ingenting som tyda på at cupoppgjeret mot Florø skulle bli ein enkel transportetappe på veg mot tredje runde.

Florø-laget hadde ein klar kampplan før kampen starta.

– Vi hadde ei kjensle av at dei ikkje visste mykje om oss, og at vi visste mykje meir om dei. Vi la oss lågt for å få kontringar, og det tredje målet som Halvor (Solheim-Olsen) scora, var teke ut av læreboka. Då punkterte vi kampen, seier Rognsø.

Visste korleis dei skulle slå Hødd

Han tykte Hødd omtrent ikkje skapte ein einaste sjanse i kampen.

– All ære til gutane i dag, seier Rognsø.

– Du seier at du visste korleis de skulle slå Hødd?

– Ja, det er i grunn så enkelt, seier Rognsø.

Sjølv om Florø-trenaren og spelarane var fryktlause i møte med den tidlegare cupmeisteren, hadde ikkje Rognsø venta at målforskjellen skulle bli så stor.

– Det er litt i overkant. Men vi var effektive. Alt i alt er det fullt fortent, seier Rognsø.

Vil gjerne ha storlag på heimebane

Det er berre to år sidan cupbomba small på heimebane då Florø slo ut Sogndal av cupen. Men trenaren er forsiktig med å kalle unggutane sine for cupspesialistar.

– Vi er eit ungt lag. Det var sju juniorar som starta i dag, og vi har hatt same gjengen som då vi slo Sogndal. Dei er to år og meir modne, så eg trur ikkje det er så mange som tek lett på oss, seier Rognsø.

Han meiner det ikkje er mange som klarar å matche det tempoet som var i kampen i Ulsteinvik i dag.

Rognsø er klar på kva som er ambisjonane vidare i cupen.

– Det er første gong klubben er i tredje runde, og no håpar vi på ein heimekamp, gjerne mot eit stort lag. Det er klart at prestasjonen i dag set Florø litt på kokepunktet, og det er kjempegøy, seier Rognsø.

Tykte dei vann fortent

Halvor Solheim-Olsen, som scora 1-3-målet, etter ei målgjevande pasning frå Stefan Aase, var godt nøgd etter kampen.

– Det var ein krig, men eg tykkjer vi vinn fortent. Vi visste korleis vi skulle spele. Vi var ute og låg lågt og kontra. Det var akkurat det vi gjorde, og då vinn vi, seier Solheim-Olsen.

Også han er overraska over at målskilnaden til slutt vart 5–1 til florøværingane.

– Det er vel litt i overkant. På 1–3 har Hødd eit skot i stolpen. Hadde det gått inn, så hadde det vore full kamp att, og då kunne det vore noko heilt anna, seier Solheim-Olsen.

Trass i at Florø er nyopprykka til 2. divisjon, tykte ikkje Solheim-Olsen det var stor forskjell mellom laga.

– Eg tykte ikkje det var divisjonsforskjell, men det gjekk fort og det var ein krig. Men eg tykte vi klarte det, seier Solheim-Olsen.

– Korleis er stemninga blant gutane?

– Heilt sjuk, ler Solheim-Olsen.

Var frykteleg skuffa etter cupskrellen

Hødd-trenar Sindre Eid var skuffa etter cup-exiten.

– Det er forferdeleg skuffande. Som hovudtrenar har eg hundre prosent ansvar for at vi ikkje er klare til kamp, og vi møtte eit Florø-lag som vil mykje meir enn oss, seier Eid.

Han legg resultatet vart styggare enn det sjansane tilsa.

– Men vi tapar fullt fortent, seier Eid.

At Florø-trenar Rognsø meinte å vite korleis Hødd skulle kunne bli slegne, tek Eid med stor ro.

– Han lukkast godt med det, seier Eid.

Hødd hadde fleire sjansar til å redusere, men fekk ikkje ballen i mål. Dermed vart det nesten einvegskøyring for laget frå Florø.

– Vi går til pause med 1–1 og har tru på at vi kan vinne kampen. Vi er det førande laget i kampen, men så får vi 1–2 i mot og då går lufta ut av ballongen, seier Eid.

– Vart du overraska over kor gode Florø var?

– Nei, fotball handlar om to lag. Eg er mest overraska over kor dårlege vi var, seier Eid.