Edith Aarebrot Madsen frå Flora har vore lansert av mange som toppkandidat, men er oppført på andreplass av Flora Høgre. Madsen er òg leiar i Flora Høgre, og ho meiner sjølv det er rett å prioritere Råheim.
Hoddevik ute
Og Flora Høgre har ikkje den sittande stortingsrepresentanten Sverre Hoddevik med på si liste.
Mathias Råheim i tet. NRK-foto.
Der er Flora Høgre i godt selskap – frå før har fire lokallag kome med sitt framlegg – alle utan Hoddevik.
Råheim er på topp hos tre lag, to vil ha Noralv Distad frå Aurland og eitt lag vil ha Edith Aarebrot Madsen.
I går kveld hadde også Gulen Høgre møte. Dei vil òg ha Mathias Råheim på topp – og dei vil ikkje ha Hoddevik på lista.