Badeanlegget Havhesten opna med stor suksess i 2000. Men etter å ha vore ope i berre eitt år måtte anlegget stenge etter lekkasjar, manglar og feil. Og det heile resulterte i sak i Sunnfjord Tingrett.
Entreprenør Selmer Skanska AS saksøkte kommunen for 1 820 746 kroner som dei meinte mangla i sluttoppgjeret for bygginga av badeanlegget.
Flora kommune på si side kravde 1 155 899 kroner for utgifter kommunen hadde med manglane ved badet, samt opptil 4 577 142 i forventa tap i samband med reparasjon, og 1 199 926 i tapte inntekter og 300.000 i dagmulkter.
Kommunen meinte det var entreprenøren som var skuld i alle feila og lekkasjane, medan Selmer Skanska meinte det var kommunen si skuld, sidan dei var ansvarleg for val av materiale og tekniske løysingar.
Retten var samd med Selmer i at det var kommunen som hadde prosjekteringsansvaret, og har no dømt kommunen til å betale 2 394 448 millionar i manglande utgifter.
Flora kommune har fått gjennomslag for nokre punkt, og Selmer er dømt til å betale 1 455 032 kroner i mellom anna dagmulkt og erstatning for utbetringskostnader.
Trekkjer ein frå summen Selmer skal betale til kommunen, sit Flora kommune att med ei rekning på ein million kroner.