Punktum for Havhesten-saka? Det er truleg ikkje fleirtal blant Flora-politikarane for å gå vidare med Havhesten-saka.
Vurderer erstatningskrav mot prosje Etter eit nytt rettsnederlag mot entreprenøren som bygde Havhesten vurderer Flora kommune no erstatningskrav mot dei prosjektansvarlege.
Ikkje Havhest-forlik Både Flora kommune og entreprenørselskapet Selmer Skanska har avvist eit forsøk frå lagmannsretten på å få i stand ei mekling om kven som har ansvaret for byggjeskandalen i Havhesten. Det skriv Firdaposten.
Nye Havhest-lekkasjar Politikarane i Flora krev no svar på kvifor det igjen har oppstått lekkasjar på badeanlegget Havhesten i Flora.
Ankar saka om Havhesten Flora kommune ankar saka om Havhesten til lagmannsretten. Kommunen gjekk til sak etter lekkasjar, rust og feil på det nye badeanlegget. Men i tingretten tapte kommunen og vart dømd til å betale 2,4 millionar i erstatning til entreprenøren Selmer Skanska.
Flora kommune tapte Havhesten-saka Flora kommune er den klare taparen etter rettssaka om badeanlegget Havhesten. Både entreprenøren, Selmer Skanska AS, og kommunen kravde millionbeløp frå kvarandre etter lekasjar og feil. Men Sunnfjord Tingrett meiner kommunen hadde største delen av ansvaret.
Pengar til Havhesten Badeanlegget Havhesten i Flora får 1,4 mill kr ekstra til opprusting og istandsetting. Det bestemte Flora bystyre i går.
Meir pengar til Havhesten Badeanlegget Havhesten i Flora får 1,4 millionar kroner ekstra til opprusting og istandsetting. Det bestemte Flora bystyre i går.
Rettssak om Havhesten Flora kommune var opptekne av å spare pengar på badeanlegget Havhesten frå første stund. Det inntrykket prøvde hovudentrepenøren sin advokat Svein Karlstad å skape, då han starta innleiiande prosedyre i Sunnfjord Tingrett i dag.